Ulvik herad søkjer ein fagleg engasjert medarbeidar med master i spesialpedagogikk til ei spennande stilling som fagansvarleg i PPT. Me ønskjer ein medarbeidar med kompetanse og erfaring innan: • Systemretta arbeid og utvikling av gode klasse- og læringsmiljø. • Kartlegging, testing og utgreiing, gjerne med kompetanse på WISC. • Sakshandsaming og spesialpedagogiske vurderingar. • Tverrfagleg samarbeid med skular, barnehagar og føresette. Stillinga inneber òg å vere ein del av og bidra inn i lågterskeltilbodet Spira, med vekt på tidleg innsats, rettleiing og førebyggjande arbeid. Stillinga kan evt utvidast til 100% stilling der 50% vert delt med skule og/eller barnehage, som lærar. Me søkjer deg som er fagleg trygg, har gode samarbeidsevner og ønskjer å bidra til heilskapleg og inkluderande oppvekstmiljø for barn og unge. Link til søknadsskjema: Søk her
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.