2 stillingar i 80 % vikariat som fagarbeidar/assistent ved Gullfjordungen skule 01.01.2027-31.07.2027 Kompetansekrav i forhold til lysing: • Fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna relevant utdanning/erfaring blir vurdert Personlege eigenskapar • Me søkjer etter ein kreativ og dyktig arbeidar med god relasjonskompetanse. • Det er viktig med gode samarbeidsevner og god kompetanse for å tilretteleggje for elevar eller grupper med behov for ekstra støtte. • Arbeide strukturert og løysingsorientert • Ha godt humør Arbeidsoppgåver: Stillinga er fordelt mellom skule og SFO. I skuletida arbeider ein i heil klasse, der ein ofte vil ivareta elevar som treng oppfylging. I SFO-tida tilrettelegg ein for gode aktivitetar, og gjer arbeidsoppgåver som trengs for å drifte SFO. Stillinga innebefattar arbeid i utvida SFO. Det er i tidsromma haustferie, 1-2 dagar før jul, vinterferie, veker etter skuleslutt og før skulestart. Om avdelinga: Gullfjordungen skule er ein barnskule for 1-7. klasse, med 153 born og 25 tilsette. Skulen ligg 2 km frå Vangen (sentrum), med flott utsikt over Vangsvatnet og Gråsida. Skulebygningane består av to hus, hovudbygg frå 1977, og "gamleskulen" der SFO held til. SFO er fordelt i to lokale då det fleire born på SFO enn tidlegare år. Skulen har fokus på eit godt læringsmijlø, tverrfagleg tema og felles forståing av leseundervisninga. Me tilbyr: • gode vilkår for fagleg utvikling • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø • yrkesskade- og gruppelivsforsikring • gode pensjonsordningar • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.