Hoppa till huvudinnehållet
  • Ortålesund
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan13 dagar kvar
  • Publicerad6 okt.

Om tjänsten

Vi har ledig 50 % fast stilling som audiograf ved Hørselssentralen, ØNH-seksjonen ved Ålesund sjukehus. Stillinga er ledig frå snarast.

Hørselssentralen arbeider med utgreiing, behandling og oppfølging av personar med nedsett høyrsel i alle aldrar. Seksjonen har eit særskilt fylkesansvar for utgreiing og oppfølging av små barn som ikkje passerer nyfødtscreening for høyrsel. Vi har òg eit tverrfagleg team som arbeider med utgreiing av Auditory Processing Disorder (APD).

Hos oss blir du del av eit engasjert og kompetent fagmiljø med tett samarbeid mellom audiografar, audiopedagogar og ØNH-legar. ØNH-seksjonen består av fem overlegar og fire LIS-legar. Hørselssentralen har sju audiografstillingar, og ved seksjonen er det òg ei eiga audiopedagogisk eining.

Vi tilbyr ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar, høg grad av samarbeid på tvers av profesjonar og moglegheit til å bidra i utviklinga av tenestetilbodet til pasientane våre.

Arbeidsoppgåver​

  • Utgreiing, habilitering og rehabilitering av personar med nedsatt hørsel i alle aldersgrupper
Vurdering av behov for hjelpemiddel, rehabilitering med høyreapparat til vaksne og barn
Retesting etter høyrselsscreening av nyfødde Vi har eit tett samarbeid med Øre-nese-hals poliklinikk

Kvalifikasjonar​

  • Norsk autorisasjon som audiograf
Gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg
Det er ein fordel med erfaring frå sjukehus eller avtalespesialist, men vi oppfordrar også nyutdanna til å søkje

Personlege eigenskapar​

  • Du er strukturert og imøtekommande
Du arbeider sjølvstendig og er ansvarsbevisst
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
Du er tilpasningsdyktig og bygger lagånd
Ønsker å tilegne deg ny kompetanse

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilseting.

Vi tilbyr​

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

KontaktinformasjonMonika Dahl Berget, Seksjonsleiar, 70105266

Henrikke Klokkehaug Overå, Teamkoordinator, 70105266

ArbeidsstadÅsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5165565078

Stillingsprosent: 50%

Fast

Søknadsfrist: 01.11.2026