Ergoterapeut
Klinisk støtte Ålesund, Helse Møre og Romsdal HFOm tjänsten
Er du ergoterapeut og kan starte på kort varsel?
Ålesund sjukehus treng deg til fagleg spennande arbeid!
Vi har behov for ein autorisert ergoterapeut i 100 % mellombels vikariat ved Ålesund sjukehus, med oppstart snarast mogleg og varigheit til og med 31.12.2026.
Det kan også vere aktuelt å tilsetje i delar av stillinga. Vi oppmodar derfor interesserte til å søkje, sjølv om dei ikkje har høve til å arbeide i 100 % stilling.
Stillinga er organisert under Seksjon for kliniske støttefunksjonar og er i hovudsak knytt til medisinsk avdeling. Her vil du arbeide med kartlegging, funksjonsvurdering og tidleg rehabilitering av pasientar med hjerneslag, geriatriske og andre medisinske problemstillingar.
Du får ein variert arbeidskvardag med sjølvstendig fagleg ansvar, tett tverrfagleg samarbeid og gode ergoterapikollegaer å støtte deg på.
Nødvendig opplæring vil bli gitt.
Vi ser etter deg som:
Aktuelt for deg?
Vi vurderer søknader, gjennomfører intervju og tilset fortløpande. Ta gjerne direkte kontakt dersom du er interessert eller ønskjer meir informasjon!
Vi håpar å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Vurdering og kartlegging av pasientar med hjerneslag
Kvalifikasjonar
- Autorisert ergoterapeut med norsk godkjenning
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg engasjert og har evne til å arbeide sjølvstendig
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonHenrik Rønningsbakk Jansson, Seksjonsleiar, 93 46 13 52, henrik.ronningsbakk.jansson@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5197794282
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 25.10.2026