Om tjänsten
Om stillinga
Ønskjer du ein meningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av straffesaker ved Ålesund politistasjon? Vi har no ledig fleire faste stillingar som etterforskar.
Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggjande strategien til politiet. I periodar må ein pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga.
Ålesund og Sunnmøre byr på storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikjøring eller anna friluftsliv året rundt. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Ålesund? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til fagleg motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- etterforskingsoppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med:
Personlege eigenskapar
- motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ei utfordrande og meiningsfull fast stilling i Møre og Romsdal politidistrikt
- stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457).Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.