Hoppa till huvudinnehållet
  • Ortålesund
  • Omfattning–
  • Sista ansökan6 dagar kvar
  • Publicerad2 okt.

Om tjänsten

Seksjon for anestesileger og smertepoliklinikk Ålesund har fleire ledige vikariat for lege i spesialisering innan anestesiologi. Oppstart er 1. november 2026, eller etter avtale.

Seksjon for anestesileger og smertepoliklinikk ligg under avdeling for akutt, operasjon og intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus. Vi har rundt 30 anestesilegar og dekker fire vaktsjikt (primærvakt, bakvakt, flyvakt og helikoptervakt). Vi har 9-delt tilstadesvakt i primærsjiktet, med arbeid i operasjonsavdeling, dagkirurgi, intensiv, akuttmottak og smertepoliklinikk.

Ålesund sjukehus har ein kirurgisk og ein medisinsk intensivavdeling der anestesilegane har ansvaret for kirurgisk side(med 10 sengar, 3 reine intensivplassar) og intuberte medisinske pasientar. Sentraloperasjonen har 12 stover og har eit breidt spekter av operasjonar (uro, gastro, kar, endo, tann/kjeve, føde/gyn, ortopedi samt ei stove for mindre inngrep/undersøkelsar). På dagkirugen er det augeoperasjonar, øyre-nase-hals, samt gynekologi, ortopedi, blautkirurgi og tannbehandling.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver​

  • sedasjon/narkose i samband med ECT, MR og CT undersøkelsar, røntgen intervensjonar og elektrokonverteringar
deltaking i diverse akutteam på sjukehuset (stansteam, MET, traume og akutt barneteam)

Kvalifikasjonar​

  • Norsk autorisasjon som lege
Gjennomført og bestått LIS1 - teneste, eller turnusteneste etter gammal ordning
LIS1 utan fullført LIS1 teneste kan også verte vurdert for tilsetting. Alle læringsmål for LIS1 må då vere oppfylt før tiltreding
Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar​

  • Du er strukturert
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne og trives med å arbeide i team
Du trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
Personeleg eignaheit vert lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr​

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

KontaktinformasjonRenate Johnsen, Seksjonsleiar, 70243654, Renate.Johnsen@Helse-mr.no

ArbeidsstadÅsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5183733566

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 25.10.2026