Hoppa till huvudinnehållet
TSB legar, Helse Møre og Romsdal HF logo

Lege i spesialisering, Rus- og avhengigheitsmedisin

TSB legar, Helse Møre og Romsdal HF
  • Ortålesund
  • Omfattning–
  • Sista ansökan15 dagar kvar
  • Publicerad6 nov.

Om tjänsten

Vil du bli spesialist i eit fagfelt der du får bruke heile den medisinske kompetansen din?

Rus- og avhengigheitsmedisin er eit spennande fagområde i skjæringspunktet mellom rusmedisin, somatikk og psykiatri. Hos oss får du jobbe tett på pasientar med samansette problemstillingar, i eit sterkt tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse og eit felles engasjement for å gjere ein forskjell.

Vi søkjer no etter engasjerte leger i spesialisering (LIS 2/3) som ønskjer å utvikle seg innan rus- og avhengigheitsmedisin og vere med på å vidareutvikle behandlingstilbodet vårt ved Avdeling TSB i Møre og Romsdal.

Vi har ledig 2 faste 100 % stillingar for lege i spesialisering 2/3 ved Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), Ålesund behandlingssenter, frå 01.02.27.

Ved Avdeling TSB i Helse Møre og Romsdal HF gir vi utgreiing og behandling til personar over 18 år med rus- og avhengigheitsutfordringar, samt støtte og oppfølging til deira pårørande. Tilbodet omfattar avrusing, korttids døgnbehandling og poliklinisk behandling.

Som LIS hos oss får du:

  • Godkjent heile spesialistutdanninga i rus- og avhengigheitsmedisin
  • Brei klinisk erfaring innan både rusmedisin, psykiatri og somatikk
  • Tett rettleiing frå erfarne spesialistar
  • Arbeid i eit inkluderande og kompetent tverrfagleg miljø
  • Moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas behandlingstilbod innan TSB

Vi ønskjer oss leger som er fagleg nysgjerrig, engasjert i pasientgruppa og som trivst med samarbeid på tvers av profesjonar.

Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Utdanningsstilling i rus- og avhengighetsmedisin
  • Oppgåver knytta til avdelinga si verksemd som vil variere ut fra den seksjonen ein er tilsatt i; mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, deltaking i tverrfaglege drøftingar m.m.
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Deltaking i avdelinga si vaktordning
  • Undervising

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
  • Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søkje midlertidig stilling
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som trivast med å arbeide i team på tvers av profesjonar og yrkesgrupper, men også har god evne til å arbeide sjølvstendig
  • Vi søkjer deg med eit fagleg engasjement og interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
  • Vi søkjer deg som har gode kommunikasjonsevner, som er fleksibel og løysingsorientert

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Rettleiing av erfarne overlegar
  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Siri-Mette Dragsund Hoff, Seksjonsleder, 70171333, Siri.Mette.Dragsund.Hoff@helse-mr.no

Arbeidsstad

Vestmoa 27

6018 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5204430143

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 22 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • TSB legar, Helse Møre og Romsdal HF

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Ålesund och dölj konkurrerande annonser på sidan.