Om tjänsten
Vil du ha ein fagleg spennande jobb med ansvar og påverknad? Vi søker deg!
Vi søker etter en fagleg trygg og engasjert vernepleiarar/sjukepleiarar/miljøterapeut i 58,28% faste stilling til vår heldøgns bemanna bustad på Skodje.
Det er gode moglegheiter for å auke stilling over tid.
Stillinga inngår i årsturnus med arbeid kvar 4. helg i 2026, med moglegheit for å kome med ønskje til turnus for 2027.
Du vil få primæransvar for tenestemottakarar med samansette og omfattande behov. Dette er stillingar for deg som ønskjer ansvar, sjølvstende og høg grad av fagleg påverknad i kvardagen.
Hos oss jobbar du tett på menneske – og gjer ein reell forskjell.
Botenesta Nordre avdeling Skodje 2 gir tilrettelagde tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Vi arbeider målretta for å skape ein kvardag prega av meistring, utvikling og livskvalitet i eit trygt og inkluderande fellesskap.
Fleire av våre tenestemottakarar har vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, noko som krev høg fagleg kompetanse, etisk refleksjon og trygge fagpersonar.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at brukar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer.
Kvalifikasjonar
- 3-årig høyskoleutdanning innen helse, sosial eller pedagogiske fag.
Personlege eigenskapar
- Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren
Vi tilbyr
- Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
KontaktinformasjonIda Larsen, Avdelingsleder, 948 78 673, ida.larsen@alesund.kommune.no
Eirik Frøystad, Verksemdsleiar, 416 25 242, eirik.froystad@alesund.kommune.no
ArbeidsstadNiusvegen 24
6260 Skodje
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5186246385
Stillingsprosent: 58,28%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2026