Hoppa till huvudinnehållet
Hydro Aluminium AS logo
Ledigt jobb

Industrimekanikar støyperi

Hydro Aluminium AS
  • Ortårdal
  • Omfattning–
  • Sista ansökan3 dagar kvar
  • Publicerad18 okt.

Om tjänsten

Hydro Aluminium Metal er ein leiande leverandør av pressboltar, valseblokker, støypelegeringar, tråd og aluminium med høg reinleik, med eit globalt produksjonsnettverk med rundt 6,000 tilsette. Vi har anlegg for produksjon av primærmetall i Europa, Canada, Australia, Brasil og Qatar, og gjenvinningsanlegg i Europa og USA. To tredjedeler av vår produksjon av primæraluminium er basert på fornybar energi.

Hydro Årdal søkjer etter ein erfaren industrimekanikar til vedlikehald i støyperi.

Kva tilbyr me?

Eit godt arbeidsmiljø med høg tverrfagleg kompetanse
Varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling
Ein arbeidskvardag kor din tryggleik er høgste prioritet

Kva skal du gjere?

I stillingen vil du ha teknisk ansvar for mekanisk utstyr, og støtte eininga innan fagområdet.

Dette inneber blant anna:

Bidra til eit aktivt og forebyggjande HMS-arbeid
Initiere modifikasjonar og forbetringar
Planlegge og utføre vedlikehald og inspeksjonar
Bidra til å utvikle og optimalisere produksjonsutstyr
Halde deg faglig oppdatert, dele kunnskap og erfaringar i organisasjonen
Støtte drifts- og vedlikehaldsmiljøet med fagkompetanse, samt delta i forbetringsarbeid

Kva vil bidra til mestring i stillinga?

Fagbrev innan industrimekanikarfaget
Erfaring som industrimekaniker frå prosess- eller industrianlegg
Erfaring innan plate- og sveisearbeid er ein fordel
Forståing for teknisk dokumentasjon
Trivast med å arbeide med digitale verktøy
Bilsertifikat klasse B
Beherske norsk; både munnleg og skriftleg

Me ser etter deg som er initiativrik og gjerne kreativ, og som likar ei fagleg utfordring. Du er grundig og systematisk i arbeidet ditt, og jobbar like godt saman med andre som åleine, for å finne gode løysingar. Du er oppteken av tryggleik, både for deg sjølv og andre.

Stillinga er på dagtid og rapporterer til områdeleiar vedlikehald støyperi. Stillinga inngår i vaktordning.

Tilleggsinformasjon​

Helse, miljø og tryggleik (HMS) er integrerte deler av Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å verna om våre tilsette si helse, og bidra til ei berekraftig utvikling i våre nærmiljø. Me søkjer difor tilsette som yt eit positivt bidrag til dette, gjennom sunne og medvitne haldningar til HMS og som handlar i tråd med desse.

Vi aksepterer kun elektroniske søknadar. Søknadar vert ikkje tekne imot på e-post.

Like mogelegheiter

I vårt selskap meiner vi at mangfald gjer oss sterkare. Vi ønskjer ulike erfaringar og perspektiv velkomne, og inviterer alle kvalifiserte til å søkje. Vi vurderer kvar søknad rettferdig, og strekker oss etter å gje like mogelegheiter for alle til å vakse og lykkast i Hydro.

Søknadsfrist: 22.10.2026

Viss du har spørsmål kan du kontakte:

Leiar​

Ole Kristian Øren

Ole.Kristian.Oren@hydro.com

(Norway +47) 41750685

Rekrutterer​

Berit Åkre

Berit.Akre@hydro.com

(Norway +47) 92227339