Hoppa till huvudinnehållet
Jobb per ort

Lediga jobb i Årdal

Hitta ditt nästa jobb i Årdal kommun. Utforska 7 aktuella annonser, se vilka arbetsgivare som rekryterar mest och matcha ditt CV mot marknaden.

Aktiva annonser
7 tjänster
Region & län
Vestland

Aktuella jobb i Årdal

Visar de senaste annonserna
Hydro Aluminium AS logo

Industrimekanikar støyperi

Hydro Aluminium AS•årdal•18 okt.

Hydro Aluminium Metal er ein leiande leverandør av pressboltar, valseblokker, støypelegeringar, tråd og aluminium med høg reinleik, med eit globalt produksjonsnettverk med rundt 6,000 tilsette. Vi har anlegg for produksjon av primærmetall i Europa, Canada, Australia, Brasil og Qatar, og gjenvinningsanlegg i Europa og USA. To tredjedeler av vår produksjon av primæraluminium er basert på fornybar energi. Hydro Årdal søkjer etter ein erfaren industrimekanikar til vedlikehald i støyperi. Kva tilbyr me?​ • Eit godt arbeidsmiljø med høg tverrfagleg kompetanse • Varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling • Ein arbeidskvardag kor din tryggleik er høgste prioritet Kva skal du gjere?​ I stillingen vil du ha teknisk ansvar for mekanisk utstyr, og støtte eininga innan fagområdet. Dette inneber blant anna: • Bidra til eit aktivt og forebyggjande HMS-arbeid • Initiere modifikasjonar og forbetringar • Planlegge og utføre vedlikehald og inspeksjonar • Bidra til å utvikle og optimalisere produksjonsutstyr • Halde deg faglig oppdatert, dele kunnskap og erfaringar i organisasjonen • Støtte drifts- og vedlikehaldsmiljøet med fagkompetanse, samt delta i forbetringsarbeid Kva vil bidra til mestring i stillinga?​ • Fagbrev innan industrimekanikarfaget • Erfaring som industrimekaniker frå prosess- eller industrianlegg • Erfaring innan plate- og sveisearbeid er ein fordel • Forståing for teknisk dokumentasjon • Trivast med å arbeide med digitale verktøy • Bilsertifikat klasse B • Beherske norsk; både munnleg og skriftleg   Me ser etter deg som er initiativrik og gjerne kreativ, og som likar ei fagleg utfordring. Du er grundig og systematisk i arbeidet ditt, og jobbar like godt saman med andre som åleine, for å finne gode løysingar. Du er oppteken av tryggleik, både for deg sjølv og andre.     Stillinga er på dagtid og rapporterer til områdeleiar vedlikehald støyperi. Stillinga inngår i vaktordning. Tilleggsinformasjon​ Helse, miljø og tryggleik (HMS) er integrerte deler av Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å verna om våre tilsette si helse, og bidra til ei berekraftig utvikling i våre nærmiljø. Me søkjer difor tilsette som yt eit positivt bidrag til dette, gjennom sunne og medvitne haldningar til HMS og som handlar i tråd med desse.   Vi aksepterer kun elektroniske søknadar. Søknadar vert ikkje tekne imot på e-post. Like mogelegheiter I vårt selskap meiner vi at mangfald gjer oss sterkare. Vi ønskjer ulike erfaringar og perspektiv velkomne, og inviterer alle kvalifiserte til å søkje. Vi vurderer kvar søknad rettferdig, og strekker oss etter å gje like mogelegheiter for alle til å vakse og lykkast i Hydro. Søknadsfrist: 22.10.2026​ Viss du har spørsmål kan du kontakte: Leiar​ Ole Kristian Øren Ole.Kristian.Oren@hydro.com (Norway +47) 41750685 Rekrutterer​ Berit Åkre Berit.Akre@hydro.com (Norway +47) 92227339

Sista ansökan: 22 okt.
Årdal kommune Bu og miljøtenesta logo

Tilkallingsvikarar i bu- og miljøtenesta

Årdal kommune Bu og miljøtenesta•årdal•14 okt.

Me treng tilkallingsvikarar i bu- og miljøtenesta som har høve til å ta ekstravakter ved behov i vekedagar og helgar. Det er ynskjeleg at tilkallingsvikarane er stabile over tid.   Arbeidet består i praktisk bistand og opplæring i bufellesskapa. Som tilkallingsvikar hjå oss skal du følgje brukaren i alle daglege gjeremål, gje rettleiing og omsorg. Me ynskjer personar som har erfaring og/eller interesse for å arbeide med menneske med nedsett funksjonsevne. Tilkallingsvikar må pårekna seg å kunne jobbe med åtferd som utfordrar. God opplæring vil bli gitt.   Det er ulike turnusordningar i avdelingane. Nokre arbeider i kombinasjonsturnus med korte og lange vakter, medan andre arbeider lange vakter med utvida arbeidstid. Søkjarane bør helst vera over 18 år, da det er turnusarbeid. Alle som skal arbeide hjå oss må ta kurset: «Dette må eg kunne – gode tenester til personar med utviklingshemming» før du startar opplæring.   I nokre av tiltaka er det ein fordel å ha førarkort klasse B, skriv om du har førarkort.   Søkjarane vert vurdert fortløpande, og me tilset kontinuerleg etter behov. Stillingane er løna etter utdanning og praksis jamfør HTA.   Ta kontakt med Marit Njøs Natvik på telefon 47641854 dersom du har spørsmål. Link til søknadsskjema: Søk her

Sista ansökan: 28 okt.
Årdal kommune Pleie og omsorg logo

Helsefagarbeidar i heimehjelpstenesta

Årdal kommune Pleie og omsorg•årdal•9 okt.

Vil du bidra til at eldre kan bu trygt og godt heime lenger?​ Ynskjer du ein jobb der du verkeleg betyr noko for andre menneske? Er du glad i å møte folk, skape gode relasjonar og gjere kvardagen litt enklare og tryggare for dei som treng det? Då kan ei stilling som heimehjelpar i Årdal kommune vere nettopp det du ser etter. Me har no ledig ei 80 % fast stilling som heimehjelpar​ (stillinga kan bli utvida til 100% på sikt ved andre avgangar). Til denne stillinga ser me etter deg som er autorisert hjelpepleiar/helsefagarbeidar​, då arbeidet vil innebere både praktisk bistand og helsehjelp. Som heimehjelpar får du ei viktig rolle i å hjelpe eldre innbyggjarar med å meistre kvardagen og halde fram eit sjølvstendig og trygt liv i eigen heim. Du blir ein del av kvardagen til menneske som set pris på både hjelpa, tryggleiken og den gode kontakten du bidreg med. Stillinga kan også innehalde praktiske oppgåver og helsehjelp på sjukeheim.   Ein variert arbeidskvardag​ Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og tilpassa behova til den enkelte brukar. Du vil mellom anna utføre praktisk bistand i heimen og naudsynt helsehjelp​, og arbeidet gir rom for både sjølvstendig ansvar og samarbeid med andre. Den som vert tilsett vil også bli ein del av eit kartleggingsteam som er under utvikling​. Gjennom dette arbeidet vil du vere med på å kartlegge kva behov brukarane har, og bidra til at dei får rett hjelp og oppfølging. Sidan teamet er under utvikling, vil du også få høve til å bidra i utforminga av korleis me skal arbeide framover. Arbeidsdagen vil vere på dagtid og kan gå føre seg både i Øvre Årdal og på Årdalstangen.   Kven ser me etter?​ Me ser etter deg som trivst i møte med menneske og som har eit varmt engasjement for å hjelpe andre. Du ser den enkelte sine behov og ressursar og er oppteken av å bidra til at brukarane kan oppleve tryggleik og meistring i eigen kvardag. Du tek ansvar for eigne oppgåver og trivst med å arbeide sjølvstendig, samtidig som du samarbeider godt med kollegaer og andre faggrupper. Me ynskjer at du: • er omsorgsfull, trygg og respektfull i møte med andre • er påliteleg og ansvarsbevisst • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • er fleksibel og løysingsorientert • er positiv til utvikling og nye arbeidsmåtar Personlege eigenskapar og at du er eigna for arbeidet vil bli tillagt stor vekt.   Kvalifikasjonar​ • Det er krav om norsk autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeidar​ • Det er krav om førarkort klasse B • Du må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg Erfaring frå heimetenesta, eldreomsorg eller liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav.   Difor vil du trivast hjå oss​ I Årdal kommune blir du del av eit arbeidsmiljø der me tek vare på kvarandre og spelar kvarandre gode. Du får god opplæring og støtte frå erfarne kollegaer, slik at du kjenner deg trygg i rolla. Stillinga gir deg ein variert arbeidskvardag der du får brukt den helsefaglege kompetansen din, samtidig som du får vere tett på menneske og bidra til at dei kan meistre kvardagen i eigen heim.   Me tilbyr: • meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver • eit inkluderande og godt arbeidsmiljø • god opplæring og støtte frå kollegaer • gode pensjons- og forsikringsordningar • løn etter gjeldande hovudtariffavtale • tilgang til bedriftshytte på Skeikampen   Ynskjer du ein variert jobb der du får kombinere praktisk bistand med helsefaglege oppgåver, og samtidig bidra til at eldre kan bu trygt heime så lenge som mogleg? Då håpar me å høyre frå deg.​  ​ Andre opplysningar: -          Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering. -          Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. -          Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. -          For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing. Link til søknadsskjema: Søk her

HeltidSista ansökan: 23 okt.
FjordAlg AS logo

Prosessingeniør innen bioteknologisk produksjon

FjordAlg AS•årdal•5 okt.

FjordAlg ønsker å forsterke laget i Årdal med en prosessingeniør. Vi ser etter deg som brenner for å løse praktiske og teoretiske problemer, og som vil hjelpe oss på veien mot etableringen av industriell mikroalgeproduksjon av naturlig astaxanthin. Som del av et lite team vil ditt bidrag bety mye for fremdriften på tvers av en rekke disipliner (biokjemi, kjemi, mikrobiologi, instrumentering, produksjonsutstyr, styresystem m.m.) og under etableringen av en fabrikk for fremtiden. Dersom vi skal lykkes sammen kreves det drivkraft, læringsevne, et analytisk tankesett og at du er god til å samarbeide. FjordAlg er på god vei fra "start up" til "scale up" og trenger flere på laget som kan løfte organisasjonen til nye høyder. Kvalifikasjoner:​ • Høyere utdanning med ingeniørfag innen prosess, bioteknologi, kjemi eller lignende • Programmering (eksempelvis: Python/Matlab/ladder/FBD) • Utdanning eller erfaring innen bioteknologisk produksjon • Erfaring med industrielt produksjonsutstyr Arbeidsoppgaver:​ • Eksperimentelt design og gjennomføring • Forefallende arbeid og vedlikehold • Rotårsaksanalyse og avvikshåndtering • Dataanalyse og programmering • Prosessregulering • Prosessutvikling og optimalisering • Systemutvikling og systemvedlikehold (IKT, LEAN, P&ID) • Spesifisering og anskaffelse av prosessutstyr • Opplæring og oppfølging av operatører Vi tilbyr:​ • En variert arbeidshverdag • Faglige og praktiske utfordringer • Fleksibel arbeidstid • Muligheten til å gjøre en synlig forskjell og å skape noe nytt Slik søker du:​ Send søknad, karakterutskrift og CV til soknad@fjordalg.com.

HeltidSista ansökan: 24 jan.
FjordAlg AS logo

Biokjemisk ingeniør (sommervikar) | FjordAlg AS

FjordAlg AS•årdal•22 sep.

Introduksjon​ FjordAlg AS ble stiftet i 2016 av gründer og nåværende CEO Gabriel Ossenkamp. Etter en lengre tid i industrien dannet han et firma tuftet på en troen om at mikroalger kan bidra til bærekraftig produksjon av mat og næringsmidler. For øyeblikket fokuserer bedriften på produksjon av naturlig astaxanthin. Til dette benytter vi mikroalgen Haematococcus lacustris. Denne arten blir ofte rapportert å inneholde opp til 5% astaxanthin. Astaxanthin kan benyttes i helsekost og som fôringrediens for oppdrettsfisk. Ambisjonen vår er å gjøre det rosa i laksen grønt. Generelt​ I dag er det fire ansatte i bedriften. FjordAlg er godt etablert i Årdal Teknologipark plassert i Øvre Årdal. Vi har også gjennomført flere tester av vårt produkt i fisk og oppnådd gode resultater. Vi går mot en sommer med full aktivitet og trenger én ferieavløser til denne stillingen. Det vil ansettes totalt to ferieavløsere sommeren 2027. Nødvendig opplæring vil bli gitt. Tidsrom​ Stillingen ønskes besatt omtrent fra uke 24 til og med uke 33 2027. Vi prioriterer søkere som kan jobbe minst åtte uker denne perioden. Arbeid før og etter tidsrommet kan avtales. Sted​ Driften er for tiden i Øvre Årdal. Årdal er en industrikommune tilknyttet Jotunheimen nasjonalpark med lang industrihistorie (Hydro). Vi bistår gjerne med å finne en privat utleier. Søknad​ Kort søknad, CV og vitnemål sendes til soknad@fjordalg.com innen 25.10.2026. Utvalgte søkere vil få tilsendt en test som skal besvares innen en uke. Kandidatene vi tror passer best til stillingen innkalles deretter til intervju. Etter intervjuet vil én kandidat bli gitt tilbud om stillingen. Kompetansekrav​ Vi leter etter deg som går nest siste eller siste år av din høyere utdanning innen kjemi og/eller biologi, trives med laboratoriearbeid, samhandling og problemløsning i høyt tempo. Personer med fullført utdanning har også anledning til å søke. Ytterligere ønsker: • Kjemisk kompetanse innen organisk, analytisk, prosess, eller bioteknologi • God prosessforståelse • Teknologiforståelse • Kommuniserer godt på norsk og engelsk • Har tatt emner med bioteknologisk eller mikrobiologisk overføringsverdi • Fire måneder arbeidslivserfaring • Karaktersnitt på C eller høyere Arbeidsoppgave​ Arbeidsoppgavene er varierte. Stillingen "Biokjemisk ingeniør" kan innebære følgende oppgaver: • Planlegge og gjennomføre eksperimenter • Daglig tilsyn av PBR (Photo Bio Reactor) • Laboratoriearbeid • Praktisk arbeid og problemløsning • Kjemiske analyser • Optimalisering av prosesser • Dokumentasjon og databehandling Hvorfor søke jobb hos oss?​ Vi tilbyr muligheten til å arbeide i en vekstbedrift på sin ferd mot industriell produksjon. Her vil du få samarbeide med dyktige ansatte om teoretiske og praktiske problemstillinger. Vi gir alltid arbeid som er knyttet til vår forskning, utvikling og daglig drift. Det er stort rom for å lære og utvikle ferdighetene dine innenfor et bredt spekter av oppgaver. Dersom du er interessert i friluftsliv gir en jobb hos oss i Årdal gode muligheter til å ta en topptur ettermiddager, så vel som i helgene. Vi arrangerer fellesturer i løpet av sommeren dersom det er av interesse. Konklusjon​ FjordAlg AS skal ansette en eller flere sommervikarer med mulighet for fast jobb høsten 2027. Ta kontakt dersom du er interessert eller har spørsmål om stillingen. #sommerjobbivest Vi tar forbehold om at denne stillingsutlysningen inneholder feil og at endringer kan forekomme.

HeltidSista ansökan: 25 okt.
FjordAlg AS logo

Junior prosessingeniør (sommervikar) | FjordAlg AS

FjordAlg AS•årdal•22 sep.

Introduksjon​ FjordAlg AS ble stiftet i 2016 av gründer og nåværende CEO Gabriel Ossenkamp og etabelerte seg i Årdal sommeren 2020. For øyeblikket fokuserer bedriften på produksjon av naturlig astaxanthin. Astaxanthin er et høytverdiprodukt som kan produseres ved hjelp av mikroorganismer. Vi utarbeider teknologi for å selv kunne produsere på en industriell skala. FjordAlg har i dag en automatisert industripilot og rekke egenutviklede støttesystemer i kontinuerlig utvikling. Generelt​ Det fire ansatte i bedriften og FjordAlg er godt etablert i Årdal Teknologipark plassert i Øvre Årdal. Det er allerede gjennomført flere tester av dagens anlegg med gode resultater. Vi går mot en sommer med full aktivitet og søker derfor én ferieavløser til denne stillingen. Dette inkluderer også mulighet for fast jobb eller masteroppgave fra høsten 2027. Det vil ansettes totalt to ferieavløsere sommeren 2027. Nødvendig opplæring vil bli gitt. Tidsrom​ Stillingen ønskes besatt omtrent fra uke 24 til og med uke 33 2027. Vi prioriterer søkere som kan jobbe i minst åtte uker denne perioden. Arbeid før og etter tidsrommet kan avtales. Sted​ Driften er for tiden i Øvre Årdal. Årdal er en industrikommune tilknyttet Jotunheimen nasjonalpark med lang industrihistorie (Hydro). Vi bistår gjerne med å finne en privat utleier. Søknad​ Kort søknad, CV og vitnemål sendes til soknad@fjordalg.com innen 25.10.2026. Utvalgte søkere vil få tilsendt en test som skal besvares innen en uke. Kandidatene vi tror passer best til stillingen innkalles deretter til intervju. Etter intervjuet vil én kandidat bli gitt tilbud om stillingen. Kompetansekrav​ Vi leter etter deg som går nest siste eller siste år av din høyere utdanning innen kjemisk prosess og/eller programmering, trives med dataarbeid og laboratoriearbeid, samhandling og problemløsning i høyt tempo. Personer med fullført utdanning har også anledning til å søke. Ytterligere ønsker: • Kjemisk kompetanse innen prosess eller bioteknologi (med IT-interesse) • God prosessforståelse • Teknologiforståelse • Kommuniserer godt på norsk og engelsk • Fire måneder arbeidslivserfaring • Karaktersnitt på C eller høyere Arbeidsoppgave​ Arbeidsoppgavene er varierte. Stillingen "Junior prosessingeniør" kan innebære følgende oppgaver: • Planlegge og gjennomføre eksperimenter • Prosesstyring • Automasjon • Programering (Python, ladder, FBD og SCL) • Laboratoriearbeid • Praktisk arbeid og problemløsning • Kjemiske analyser • Optimalisering av prosesser • Dokumentasjon og databehandling Hvorfor søke jobb hos oss?​ Vi tilbyr muligheten til å arbeide i en vekstbedrift på sin ferd mot industriell produksjon. Her vil du få samarbeide med dyktige ansatte om teoretiske og praktiske problemstillinger. Vi gir alltid arbeid som er knyttet til vår forskning, utvikling og daglig drift. Det er stort rom for å lære og utvikle ferdighetene dine innenfor et bredt spekter av oppgaver. Dersom du er interessert i friluftsliv gir en jobb hos oss i Årdal gode muligheter til å ta en topptur ettermiddager, så vel som i helgene. Vi arrangerer fellesturer i løpet av sommeren dersom det er av interesse. Konklusjon​ FjordAlg AS skal ansette en eller flere sommervikarer med mulighet for fast jobb høsten 2027. Ta kontakt dersom du er interessert eller har spørsmål om stillingen. #sommerjobbivest Vi tar forbehold om at denne stillingsutlysningen inneholder feil og at endringer kan forekomme.

HeltidSista ansökan: 25 okt.
Årdal kommune logo

Fastlege ved Årdal legekontor

Årdal kommune•årdal•2 sep.

Årdal kommune har ledig fastlegeheimel ved Årdal legekontor, med tilsetting frå snarast eller etter avtale. Me søkjer primært etter deg som allereie er spesialist i allmennmedisin. Årdal legekontor er eit moderne og veldrive legekontor med eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Me har 7 fastlegeheimlar, der to er ALIS, i tillegg til LIS1 og eit solid kollegium av anna helsepersonell. Kontoret er velutrusta med akuttmedisinsk utstyr, ultralydapparat, skiftestove, akuttrom, laboratorium og uniformert legevaktbil. Dette gjer oss rusta til å kunne handtere eit breitt spekter av allmennmedisinske problemstillingar. I tillegg til utgreiing og behandling har tenesta ansvar for førebyggjande helse- og smittevernarbeid, helsestasjonsarbeid, tilsyn på sjukeheim og korttidseining, samt visittgang på kommunal akutt døgneining (KAD). Me har ei 7-delt vaktordning for daglegevakt. Som fastlege hjå oss deltek du i den interkommunale legevakta ved Sogn lokalmedisinske senter, der Lærdal er vertskommune. Legevakta har ei 12-delt vaktordning fordelt mellom kommunane Årdal, Lærdal og Aurland. Me nyttar Pridok som journalsystem.   Tilsettingsvilkår​ Me ønskjer primært å inngå driftsavtale med lege som sjølvstendig næringsdrivande. Kommunen stiller med moderne kontorlokale, nødvendig medisinsk utstyr, hjelpepersonell og administrativ drift. Som sjølvstendig næringsdrivande beheld du basistilskotet og betalar eit avtalt kronebeløp per listepasient per månad til kommunen. Fastløn med insentivordning kan vurderast. Listelengda vil vere om lag 930 pasientar, men kan justerast opp etter avtale. Ved behov kan inntil 20 % av stillinga tilleggast andre kommunale helse- og omsorgsoppgåver, som til dømes sjukeheim, helsestasjon eller rettleiingsfunksjon for LIS1 og LIS3.   Kvifor Årdal?​ Årdal kommune er ein nasjonalparkkommune med spektakulære eventyr rett utfor døra. Her bur du tett på fjord og fjell, med eit rikt tilbod innan friluftsliv og aktivitetar gjennom heile året. Om du likar fjellturar, ski, fiske, sykling eller andre utandørs aktivitetar, er moglegheitene mange. Me er eit lite og inkluderande lokalsamfunn med eit godt kultur- og fritidstilbod, med aktive lag, organisasjonar og idrettsmiljø. Dette gir gode høve til å bli kjend med lokalsamfunnet og finne aktivitetar som passar for både born og vaksne. For deg som flyttar til Årdal, kan kommunen tilby bustad. Me har også ei eiga tilflyttarteneste som kan hjelpe med å finne arbeid til ektefelle eller sambuar og knyte dykk til lokale fritidsaktivitetar og nettverk.  ​ Kven ser me etter?​ Me søkjer deg som: • Har norsk autorisasjon som lege, utan avgrensingar • Er spesialist i allmennmedisin • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Har erfaring med digitale verktøy • Har førarkort klasse B Me legg særleg vekt på at du har dei personlege eigenskapane me ønskjer: at du er sjølvstendig, løysingsorientert, har gode samarbeidsevner, er interessert i fagutvikling, og er relasjonsorientert og endringsvillig. Du må kunne rettleie legar i spesialisering.   Me tilbyr​ • Fleksibilitet i høve organisasjonsform • Ved fastlønsavtale: gode pensjons- og forsikringsordningar, der 2 % av løna vert trekt til tariffesta tenestepensjon • Hjelp til å skaffe bustad • Utleige av bedriftshytte på Skeikampen i Gausdal • 12 timar gratis skulefritidsordning for elevar i 1. til 3. klassetrinn   Andre opplysningar​ • Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering. • Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. • For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing.   Alle som søkjer må levere fullstendig søknad via Easycruit og oppgje minst to referansar. Alle søknader blir vurdert fortløpande og søknadsfrist kan bli utvida. Link til søknadsskjema: Søk her

HeltidSista ansökan: 12 nov.

Vanliga frågor om att jobba i Årdal

Hur många lediga jobb finns i Årdal?

Just nu listas 7 aktiva annonser i Årdal kommun.

Vilka arbetsgivare anställer mest i Årdal?

Bland de största arbetsgivarna i Årdal finns FjordAlg AS, Årdal kommune Pleie og omsorg, Årdal kommune Bu og miljøtenesta.