Lediga jobb i Gloppen
Hitta ditt nästa jobb i Gloppen kommun. Utforska 5 aktuella annonser, se vilka arbetsgivare som rekryterar mest och matcha ditt CV mot marknaden.
- Aktiva annonser
- 5 tjänster
- Region & län
- Vestland
Aktuella jobb i Gloppen
Visar de senaste annonsernaSommarstudent i SFE 2026 - Bli med og utvikle den fornybare framtida
Vil du bruke det du lærer på studiet til å løyse reelle utfordringar i ei av Noregs viktigaste framtidsnæringar? SFE tilbyr sommarjobb for bachelor- og masterstudentar som ønskjer relevant erfaring, fagleg utvikling og eit unikt innblikk i korleis vi skaper verdiar frå fornybar energi. Kanskje blir dette starten på ei framtidig karriere hos oss? Hos oss får du jobbe med oppgåver som har reell betydning for oss som organisasjon og selskap, du får praktisk erfaring frå ein viktig kraftprodusent på Vestlandet, og innsikt i korleis teknologi, berekraft, samfunnsansvar og forretningsutvikling heng saman. Du blir kjend med fagpersonar frå ulike delar av SFE-konsernet, og høve til å byggje nettverk. Vi ønskjer at du skal få bidra, lære og utvikle deg gjennom sommaren, ikkje berre observere frå sidelinja. Aktuelle fagområde kan vere ingeniørfag innan elkraft, bygg, automasjon, miljø eller teknologi, eller fag som HMS, HR, organisasjonsutvikling, kommunikasjon, økonomi eller forretningsutvikling. Kunnskap om bruk av teknologi og kunstig intelligens vil være nyttig uansett fagområde og problemstilling. Automatisering av arbeidsoppgåver og bruk av KI-agentar og anna teknologi for å legge til rette for verdiskaping er høgaktuelt innafor mange forretningsprosessar. Vi skal ha sommarstudentar i ulike avdelingar hos oss i SFE AS, i tillegg til i utviklingsselsapet vårt Nyvinn AS. Vi ser etter nysgjerrige og engasjerte studentar som ønskjer å bidra med nye perspektiv og frisk kunnskap inn i organisasjonen vår. Du likar utfordringar, du tek initiativ og du kan drive både deg sjølv og andre framover. Sommarjobben varer normalt i 4-6 veker i perioden juni-august 2027. Oppgi i søknaden kva veker du kan arbeide. Arbeidsstad vil i hovudsak vere ved hovudkontoret vårt på Sandane. Besøk ute i kraftverk er sjølvsagt aktuelt. For kandidatar utan tilhøyrsle til Gloppen kan vi tilby bustad i nærleiken av hovudkontoret. Ved behov kan sommarstudentane også disponere SFE-bil. Før tilsetting vil vi, etter samtykke, gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nærare informasjon om dette. Tilsetting føreset godkjent bakgrunnssjekk. Vi gler oss til å motta søknaden din! #Sommarjobb #SommarjobbNordfjord
Fagarbeidar
Vi har ledig vikariat som fagarbeidar i Breim barnehage frå snarast og ut barnehageåret 2026-27. Ei 60 % stilling frå november til 14. august 2027. Ei 100% stilling frå 1. mars til 14. august 2027. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, vert tilsetting av assistent vurdert. Breim barnehage har fem avdelingar. Barnehagen ligg på Reed, ca 15 min frå kommunesenteret Sandane. Barnehagen har språk og inkluderande barnehagemiljø som satsingsområde. Barnehagen har kjøkenhage og gymsal. Barnehagen er sertifisert som Trafikksikker barnehage og Miljøfyrtårn. Arbeidsoppgåver • Den som vert tilsett har medansvar for omsorg, leik og pedagogisk aktivitet med barn i alderen 0-6 år. • Deltaking i planlegging, evaluering og gjennomføring av arbeidet på avdeling. • Arbeid etter rammeplan for barnehagar, årsplan og den beste praksis som er definert på avdeling. • Arbeid sjølvstendig og i team. • Medansvar for foreldresamarbeidet. • Arbeid etter rutinar som gjeld på den aktuelle avdeling. Kvalifikasjonar • Vi søkjer primært etter fagarbeidar, men det kan verte aktuelt å vurdere assistent. • Praksis frå arbeid i barnehage vil telje positivt. • Personlege eigenskapar vert vekta høgt. • Menn vert oppmoda om å søkje. Personlege eigenskapar • Vår nye medarbeidar må kunne godt norsk både skriftleg og munnleg. • I arbeidet med barn i barnehage må du bruke språket aktivt og sette ord på det du ser og gjer saman med barna. • Du må vere aktivt deltakande i leik og aktivitet. • Du må vere ein tydeleg vaksen som støttar og utfordrar barn til meistring. • Vi søkjer etter ein engasjert medarbeidar som set barnegruppa sine behov i høgsete for sitt arbeid på avdelinga, og på den måten bidreg til at barnehagen vert ein trygg og utviklande stad å vere. Vi tilbyr • God oppfølging av nytilsette. • Godt arbeidsmiljø • Fagleg miljø med fokus på utvikling og kvalitet • Lønn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis. • Tilsetjing på kommunale vilkår. • Pensjonsordning gjennom KLP. • Prøvetid på seks mnd ved tilsetting. Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tiltreding. KontaktinformasjonAnette Støyva, Barnehagestyrar Breim barnehage, +47 468 73 568 Arbeidsstad 6823 Byrkjelo Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5192502902 Stillingsprosent: 100, 60% Vikar Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 14.08.2027 Søknadsfrist: 25.10.2026
Sjukepleiar/Vernepleiar Gotatoppen
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har ei spennande stilling ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri. Vi søkjer etter einengasjert og dyktig sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit. Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen. Det er åtte brukarar på kvar avdeling. Gjennom metoden VIPS har vi implementert personsentrert omsorg i avdelingane. Vi har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleiar frå no og til 13.09.27. Anna stillingsprosent og periode er og aktuelt. Fast stilling kan bli mogleg. Arbeidsoppgåver Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Du har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. Vi har gjennom arbeidet med TØRN endra arbeidsoppgåver for sjukepleiar/vernepleiar: • hjelpe og tilrettelegge for at dei som bur der får utført sine daglege gjeremål • legemiddelhandtering • sjukepleiar-/vernepleiarfaglege oppgåver • dokumentasjon • tverrfagleg samarbeid • rettleie studentar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar Vi søkjer etter deg som • held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri • evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert • har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte Vi tilbyr • Varierte og lærerike arbeidskvardagar • Gode kollegaer, eit godt og stabilt arbeidsmiljø • Fagleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. • Stilling organisert i årsturnus For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Skriv i søknaden om du ønskjer fast stilling eller vikariat. KontaktinformasjonMarion Bolstad Fløtre, Konstituert avdelingsleiar, +47 94989709 Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818 ArbeidsstadGrandavegen 9 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5189641129 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 13.09.2027 Søknadsfrist: 25.10.2026
Sjukepleiar/Vernepleiar Oreteigen
Vi har ledig ei fast stilling, 100 % for sjukepleiar eller vernepleiar i turnus, på avd. Oreteigen😊 Vaktene er fordelt på dag, kveld og ca. 3. kvar helg. Det er også mogleg med 80 % stilling dersom det er ynskje om det. Oreteigen er ei bueining for eldre med 28 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning, Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp og det set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt. Våre verdier er: Respekt, kunnskap og Omsorg Arbeidsoppgåver • Utføre heilhetleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane. • Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse. • Opplæringsansvar overfor medarbeidarar / studentar • Samarbeid med pårørande Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Beherske norsk skriftleg og muntleg. Krav om språkferdigheiter på B2-nivå. • Har god og generell IKT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen Personlege eigenskapar • Ein trygg og stabil medarbeidar, med sunne verdiar og haldningar • Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel • Ser sjukepleiar-/vernepleiarrolla i samspel med andre kollegaer i avdelinga og er trygg i ansvarsrolla for pasientane. • Har gode kommunikasjonsferdigheiter og er løysningorientert • Trives med endringar og nytenking • Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvtendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag Vi tilbyr • Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande. • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø. • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. For nytilsetting i kommunen er det innført eit rekrutteringsstillegg for turnusstillingar. For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding KontaktinformasjonEva Kristin Rønnekleiv, Avdelingsleiar Oreteigen, 917 32 527 Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818 ArbeidsstadGrandavegen 9 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5181957502 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.10.2026
Ledig stilling: Skogrydder / Linjerydder
Vi søker nå etter motiverte og fysisk sterke medarbeidere til manuelt skogryddingsarbeid. En stor del av våre oppdrag er linjerydding langs kraft- og telefonlinjer for å sikre stabil infrastruktur. Arbeidet foregår utendørs i variert terreng og er fysisk krevende. Hva vi ser etter Vi søker deg som trives med fysisk arbeid og som liker å se resultater av det du gjør. Du må være: • Robust og i god fysisk form: Arbeidet krever utholdenhet i krevende terreng. • Sikkerhetsbevisst: Du jobber trygt med motorsag og nær linjer. • Selvstendig: Du tar i et tak og ser hva som må gjøres. • Værhard: Du møter opp med godt humør uansett vær. Arbeidsoppgaver • Manuell skogrydding og trefelling med motorsag og ryddesag. • Rydding av vegetasjon i og langs linjetraseer. • Sikring av at vegetasjon holdes i forskriftsmessig avstand fra spenningsførende ledninger. • Utføre arbeidet i samsvar med gjeldende HMS-rutiner og sikkerhetsinstrukser (FSE). Kvalifikasjoner og språkkrav • Erfaring med bruk av motorsag og ryddesag er et krav. • Dokumentert sikkerhetsopplæring på motorsag/ryddesag (kompetansebevis). • Førerkort klasse B (helst BE for tilhenger). • God fysisk form og evne til å jobbe ute i all slags vær. • Kurs i FSE (Sikkerhet ved arbeid i elektriske anlegg) er en fordel, men opplæring kan gis. • Språk: Vi er et inkluderende arbeidsmiljø og søkere som snakker enten norsk, svensk eller engelsk er velkomne til å søke. Det viktigste er at du kan forstå og følge sikkerhetsinstrukser på ett av disse språkene. Vi tilbyr • Konkurransedyktige betingelser. • Nødvendig verneutstyr og profesjonelt verktøy. • Et godt arbeidsmiljø med fokus på sikkerhet og kvalitet.
Största arbetsgivarna i Gloppen
Vanliga frågor om att jobba i Gloppen
Hur många lediga jobb finns i Gloppen?
Just nu listas 5 aktiva annonser i Gloppen kommun.
Vilka arbetsgivare anställer mest i Gloppen?
Bland de största arbetsgivarna i Gloppen finns Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune, Breim barnehage, Gloppen kommune, SFE AS.