Lediga jobb i Fjaler
Hitta ditt nästa jobb i Fjaler kommun. Utforska 3 aktuella annonser, se vilka arbetsgivare som rekryterar mest och matcha ditt CV mot marknaden.
- Aktiva annonser
- 3 tjänster
- Region & län
- Vestland
Aktuella jobb i Fjaler
Visar de senaste annonsernaVil du vere med å forme oppveksten til barn og unge i Fjaler?
Som kommunalsjef oppvekst får du ei nøkkelrolle i utviklinga av Fjaler kommune og blir ein del av leiargruppa til kommunedirektøren. Du får det overordna strategiske, faglege og økonomiske ansvaret for ein sektor med for tida tre skular, tre kommunale barnehagar, kulturskule (der Hyllestad kommune har vertskommuneansvaret) og eit interkommunalt PPT-samarbeid (pedagogisk-psykologisk-teneste). Du får også stor påverknad på kvardagen og framtida til barn og unge. Saman med dyktige rektorar, styrarar, tilsette, tillitsvalde og folkevalde skal du vidareutvikle eit framtidsretta oppvekstmiljø med vekt på tidleg innsats, kvalitet og godt samarbeid på tvers av tenestene. Ansvar og hovudoppgåver • Mål- og planarbeid for oppvekstsektoren. • Leiaroppfølging av rektorar, styrarar og leiar for PPT-samarbeidet. • Kvalitetsutvikling, IKT, HMT og berekraft i sektoren. • Budsjettarbeid, økonomistyring og periodisk rapportering. • Utviklingsprosjekt og oppfølging av særskilde saker saman med rektorane og styrarane. • Ansvar for at kommunen oppfyller pliktene som skuleeigar, inkludert system for kvalitetsvurdering, oppfølging av resultat og forsvarleg system for å følgje opp regelverket. • Ansvar for kommunen si rolle som barnehagemynde, inkludert tilsyn, rettleiing, godkjenning, tilskot til private barnehagar og samordna opptak. • Oppfølging av vertskommunesamarbeidet for kulturskulen. • Saksførebuing til folkevalde organ og iverksetjing av politiske vedtak. • Dialog med Statsforvaltaren om tilsyn, klagesaker og rapportering. Kven ser vi etter? Vi søkjer ein trygg, robust og tydeleg leiar som ønskjer å vere med å forme oppveksten til barn og unge. Du har ei sterk fagleg forankring, evne til å skape retning og trivst med å leie og utvikle leiarar og medarbeidarar. Samstundes har du forståing for samhandling, utviklingsarbeid og kommunen si rolle som tenesteytar. Vi ser særleg etter deg som har: • Erfaring frå oppvekstsektoren. • Gode leiareigenskapar. • God kjennskap til offentlege avgjerdsprosessar og samspelet med folkevalde. • God kjennskap til opplæringslova og barnehagelova og kommunen sitt ansvar etter desse, samt forvaltningsrett og kommunal verksemd. • Evne til å byggje tillit, skape engasjement og oppnå resultat. • God digital kompetanse og evne til å setje seg inn i ulike digitale system. Kvalifikasjonskrav: • Relevant høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande. Særleg relevant erfaring og utdanning på bachelornivå kan kompensere for kravet om mastergrad. • Pedagogisk utdanning og/eller erfaring frå skulesektoren • Leiarerfaring frå oppvekstsektoren, til dømes rektor, styrar eller kommunalsjef. • Førarkort klasse B. • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Ved tilsetjing blir det lagt stor vekt på personlege eignaheit, utdanning og erfaring innan leiing. Vi tilbyr • Ein sentral leiarposisjon med stort handlingsrom og reell påverknadskraft. • Ei engasjert leiargruppe og dyktige medarbeidarar i heile sektoren. • Konkurransedyktig løn og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår. • Eit lokalsamfunn der natur, kultur og idrett gir gode rammer for livet utanom jobb. Vil du vite meir om korleis det er å bu og leve i regionen vår? Bli kjend med moglegheitene i regionen, og korleis du kan bu, jobbe og leve eit godt liv her. Sjekk ut nettsidene regionsunnfjord.no og nytta.no. Vi gjer merksam på at søkjarlista med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar til å unnta ho frå offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekkje søknaden før lista blir offentleggjort. Link til søknadsskjema: Søk her
2. gongs utlysing
Vi har ledig ei 80 % fast nattevaktstilling for sjukepleiar. Hos oss får du varierte arbeidsoppgåver og blir ein del av eit fagleg fellesskap på tvers av heimetenesta og sjukeheimen. Som sjukepleiar på natt arbeider du i team saman med to kollegaer. Du vekslar mellom arbeid på institusjon og i heimetenesta. Dette gir deg varierte arbeidsoppgåver og erfaring frå begge tenesteområda. Du arbeider etter ein årsturnus over 52 veker med arbeid kvar tredje helg. Arbeidstida er kl. 22.00–07.15. Helse- og omsorgstenestene i Fjaler kommune er i utvikling for å møte framtidas behov. Som sjukepleiar hos oss får du arbeide med spennande faglege oppgåver og vere ein del av eit miljø som legg vekt på kompetanse og utvikling. Vi har etablert ressursgrupper på tvers av einingane innan mellom anna lindrande behandling og kreft, velferdsteknologi og demens. Her får du høve til fagleg utvikling, kompetansedeling og samarbeid med kollegaer på tvers av tenestene. Arbeidsoppgåver • Utføre heilskapleg omsorg og pleie. • Kartlegge, vurdere og setje i verk målretta sjukepleietiltak. • Tverrfagleg samarbeid for å sikre god pasientbehandling. • Medikamenthandtering. • Handtering av tryggleiksalarmar. • Terminalpleie i heim og på institusjon. • Ansvarsvakt på natt. • Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar. • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane. • Arbeide kunnskapsbasert. • Bidra til auka fagleg utvikling. Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar. • Sjukepleiarstudentar som er ferdige innan desember 2026, kan òg søkje på stillinga. • Førarkort klasse B. Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjend MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding. Personlege eigenskapar • Gode samarbeidsevner. • Sjølvstendig. • God på kommunikasjon. • Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør. • Engasjement for eldreomsorg. Det blir lagt vekt på personleg eignaheit. Vi tilbyr • Introduksjonsprogram for nytilsette. • Fadderordning. • Godt arbeidsmiljø. • Løn etter utdanning og erfaring. • Eit fast «alltid på topp»-tillegg på kr 35 000 per år. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. • Etterutdanning innan satsingsområde. Vil du vite meir om korleis det er å bu og leve i regionen vår? Bli kjend med moglegheitene i regionen, og korleis du kan bu, jobbe og leve eit godt liv her. Sjekk ut nettsidene regionsunnfjord.no og nytta.no. Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. Link til søknadsskjema: Søk her
100% fast stilling som lege
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter søkjer ein engasjert lege som vil vere med på å gjere ein reell forskjell – i eit fagmiljø der vi ser mennesket bak diagnosen, og der ressursar og meistring står i sentrum Hva vi ser etter Vi ser etter deg kan samarbeide tett med spesialistar innan fysikalsk medisin og rehabilitering, psykiatri, sjukepleie, fysioterapi, ergoterapi, arbeidsretta tiltak, ernæring, idrettspedagogikk, logopedi og miljøterapi. Du bidreg med din spisskompetanse i klinisk praksis og tverrfaglege vurderingar -- og får vere med på systematisk fagutvikling I tillegg har du; Norsk autorisasjon som lege Legar i spesialisering (LIS) og kandidatar med relevant erfaring vil også bli vurderte Interesse for rehabilitering og tverrfagleg arbeid Gode norskferdigheiter (minimum C1) God IKT-kompetanse Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a Arbeidsoppgaver • Klinisk arbeid og tverrfagleg samarbeid • Medisinske vurderingar og journalføring • Undervisning og rettleiing • Moglegheit for forsking og utviklingsarbeid • Aktiv deltaking i innandørs og utandørs aktivitetar Vi tilbyr • Familievennleg dagstilling, utan vakter eller helgearbeid • God fleksibilitet i arbeidskvardagen, med moglegheit for individuelle tilpassingar • Eit sterkt fagmiljø med tett tverrfagleg samarbeid og regelmessig internundervisning • Gode moglegheiter for fagleg utvikling: kurs, vidareutdanning, hospitering og forsking • Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar • Hjelp til bustad og gode velferdstilbod • Ein jobb med meining - i naturskjønne omgjevnader
Största arbetsgivarna i Fjaler
Vanliga frågor om att jobba i Fjaler
Hur många lediga jobb finns i Fjaler?
Just nu listas 3 aktiva annonser i Fjaler kommun.
Vilka arbetsgivare anställer mest i Fjaler?
Bland de största arbetsgivarna i Fjaler finns Fjaler kommune Helse og omsorg, Fjaler kommune Fjaler kommune, Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter As.