Hoppa till huvudinnehållet
Aukra kommune Helse logo
Ledigt jobb

Sjukepleiarar i 100% stilling ved legekontoret i Aukra

Aukra kommune Helse
  • OrtAukra
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan4 dagar kvar
  • Publicerad16 sep.

Om tjänsten

Vil du bli vår nye sjukepleiar på legekontoret i Aukra?

Vi søker 2 sjukepleiarar i 100% stilling

Vil du bruke sjukepleiarfaget ditt i ein variert og spennande arbeidskvardag, tett på pasientar og i samarbeid med dyktige kollegaer?

Aukra legekontor er kommunalt drive legekontor med eit etablert og sterkt fagmiljø. Legekontoret har 4 fastlegar og 4,5 stillingar til sjukepleiarar og anna hjelpepersonell.

Kontoret betener ca. 2700 fastlegepasientar, i tillegg har vi daglegevakt og betener akutte henvendelser.

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med tett samarbeid med legane og dei andre medarbeidarane på kontoret. Vi legg vekt på gode pasientmøter, fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver​

Arbeidsoppgåver er varierte og omfattar mellom anna:

Laboratoriearbeid og prøvetaking
Legemiddelhandtering
Utføre prosedyrar som spirometri, audiometri, EKG og anna
Assistere ved småkirurgi og andre prosedyrar
Vaksinasjonsarbeid
Handtere sentralbord og akutttelefon
Administrere timebøker og triagere pasienter
Kontoret betener legevakt på kvardagar mellom kl.08.00 -16.00
Utrykning ved akutte hendelser
Bidra aktivt til kvalitetsforbetringsarbeid i avdelinga
Dokumentasjon i tråd med gjeldande lovverk og forskrifter
Betene resepsjonen og merkantile oppgåver

Organisering av tenester ved legekontoret er i stadig utvikling. Du må derfor vere førebudd på å tileigne deg ny kunnskap og kompetanse etter kvart som oppgåver og behov endrar seg.

Vi ønskjer ein sjukepleier som kan bidra aktivt til vidareutvikling av gode arbeidsmåtar og tenester ved legekontoret.

Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte avdelingsleiar.

Kvalifikasjonar

​Vi søkjer deg som:

Har offentleg godkjent utdanning og autorisasjon som sjukepleiar, oppgi gjerne HPR-nummer i søknaden
Behersker norsk skriftlig og muntlig
Har erfaring som sjukepleiar, gjerne frå legekontor eller anna relevant helseteneste
Har gode datakunnskapar og erfaring med digitale arbeidsverktøy, vi bruker EG som journalsystemleverandør
Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar

Du er fleksibel og løysingsorientert
Du har pasient og fag i fokus
Liker å jobbe i eit tverrfagleg team
Trygg på selvstendige faglege avgjersler
Tåler utfordringar og høgt arbeidstempo
Har gode samarbeidsevner og relasjonelle ferdigheiter
Viser engasjement, reielegheit og respekt i møte med andre
Kommuniserer godt med pasienter og kolleger
Opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker

Vi tilbyr

Eit aktivt tverrfagleg fagmiljø med høgt engasjement og gode, humørfylte kollegaer
Varierte dagar med breitt spekter av utfordringar og rask pasientflyt
100 % fast stilling i eit etablert og variert fagmiljø
Moglegheit til å utvikle deg faglig
Gode pensjons – og forsikringsordningar gjennom KLP
Kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning jmf. Kommunens kompetanseplan
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

Særskilte krav​

Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.

Prøvetid​

Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste​

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast​

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"

Sjå ein kort presentasjon av Aukra kommune her: https://www.youtube.com/watch?v=nDe8ChkkXj

Link til søknadsskjema: Søk her