Me søkjer ringevikarar i Austrheim kystbarnehage.
I dag har vi 80 barn som er fordelt på seks avdelingar. Det er to småbarnsavdelingar, tre avdelingar med barn i alder 2-4 år, og ei førskulegruppe.
Vi er 31 tilsette, og personalet er jamt fordelt mellom barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar.
Vi er stolt og fornøyd med utforminga og plassering av barnehagen. Det er gode, lyse og praktiske lokale som er med på å gjera kvardagen lettare. Avdelingane har eit stort opphaldsrom, i tillegg to gode leikerom for å ivareta barna sin leik. Rundt oss har vi, forutan ein fantastisk leikeplass; flotte skogsområde, turstiar og gangavstand til sjø og båt. Om du er glad i uteliv så er Austrheim kystbarnehage noko for deg. Barna er ute store delar av dagen og me ynskjer gje borna gode opplevingar og la dei erfare det gode med kystkommunen Austrheim, nemleg naturen.
I barnehagen vil vi ha deg som er opptatt av å gje kvart barn og barnegruppa gode dagar med gleder og allsidig læring gjennom leik. Du vil få god opplæring slik at du gradvis får kjennskap til ulike oppgåver.
Arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Austrheim