Hoppa till huvudinnehållet
Fjord1 - Maritim Drift logo
Ledigt jobb

Sjøvakt 2:2 turnus 

Fjord1 - Maritim Drift
  • OrtAustrheim
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan9 dagar kvar
  • Publicerad13 okt.

Om tjänsten

Fjord1 har no ei ledig stilling som matros i sambandet Fedje-Sævrøy, pt. trafikkert av vår flotte el-ferje MF Fedjebjørn. 

Turnusordninga er 2 veker på og 2 veker fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord.

Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.

Arbeidsgjevar dekker reiseutgifter mellom heim og arbeidsstad etter dei retningslinjene som er fastsette.

Tilsetjing skjer etter avtale, med ønske om oppstart så snart som mogleg. 

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande. 

Arbeidsoppgåver​

  • Utføre billettering, bruvakt og anna førefallande arbeid om bord
Løyse arbeidsoppgåver pålagt av næraste overordna
Handtere oppgåver knytt til alarminstruks og beredskap
Delta i verne- og miljøarbeid for å sikre tryggleik og god drift
Sikre god kundehandsaming og service for passasjerane
Fortøying

Kvalifikasjonar​

  • Ferdighetsertifikat matros
Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
Ferdigheitssertifikat HMOB
Krise- og passasjerhandtering
Gyldig helseerklæring
Skandinaviske språkkunnskaper skriftlig og muntlig

Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar​

  • Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.

Vi tilbyr​

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.
Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
Sjøvakt: 2 veker på og 2 veker av
Ein bur om bord i arbeidsperioden.
Reise til/fra jobb vert dekt av arbeidsgjevar.
Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!

KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

ArbeidsstedFv568 220

5943 Austrheim

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift

Referansenr.: 5194567020

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.10.2026