Om tjänsten
Vi søker no etter dekkssjef på sambandet Arsvågen–Mortavika.
Turnus er 2 veker på og 2 veker av, noko som gir deg lange, samanhengande friperiodar og gjer det enklare å planleggje familieliv og fritid. Under arbeidsperioden bur du om bord, og rederiet dekker reise til og frå arbeidsperioden.
Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir brei erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande vêrforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringar som er nyttige i vidare arbeid til sjøs.
Ønskeleg med oppstart så snart som mogleg. Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Minimum D2-sertifikat
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
- Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig løn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår.
KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
ArbeidsstedE39
5561 Føresvik
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5195062432
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.10.2026