Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtBergen
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan13 dagar kvar
  • Publicerad5 okt.

Om tjänsten

Matvert - 15% fast stilling

Er du glad i mat, menneske og gode serviceopplevingar? Då kan dette vere jobben for deg!

Helse Bergen søkjer ein engasjert og serviceinnstilt matvert til ei 15% fast stilling ved ein av våre matstover på Haukelandsområdet. Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter, og arbeid kvar tredje helg.

Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.

Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at me har nøgde medarbeidarar og brukarar.

Helse Bergen har gjennom satsinga si på ernæring vedteke etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komma i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpassa kvar enkelt ernæringsbehovet sitt. Hospitalsdrift Matforsyning har ansvar for matstovene som finst for fleire avdelingar.

Matstovene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretning av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 22 matstover.

Arbeidsoppgåver​

  • Bidra med matomsorg til pasientar
Bestilling, tillaging og servering av måltid
Reinhald, oppvask og rydding

Kvalifikasjonar​

  • ​Gode kommunikasjonsevner: ​Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Erfaring frå kjøkken/kantine: Tidlegare erfaring i ei liknande rolle. (søkar med fagbrev som kokk blir føretrekt)
Kjennskap til IK-mat: Du må ha forståing for internkontroll og kvalitetssikring i matlaging
Gode IT-kunnskapar: Du må vere komfortabel med bruk av dataverktøy og programvare
Matfagleg interesse: Du har ei sterk interesse for mat og ernæring
Fagbrev som kokk er ønskeleg

Personlege eigenskapar​

  • Fagleg interesse og engasjement
Serviceinnstilt og imøtekommande
Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
Strukturert og nøyaktig
Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
Ha respekt for kvar enkelt pasient
Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene

Vi tilbyr​

  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Høgt fagleg nivå

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonÅge Nilsen, Dritskoordinator, 55974536

Tom Jari Pakkala, Dritskoordinator, 47993817

ArbeidsstadJonas Lies vei 69

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5190476444

Stillingsprosent: 15%

Fast

Søknadsfrist: 01.11.2026