Om tjänsten
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAForskar ved Institutt for biomedisin
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %) i det eksternfinansierte prosjektet «Converging cancer neuroscience and immuno-oncology for a novel gene therapy against brain tumors».
Ønska oppstart i stillinga er 1. januar 2027. Prosjektet har ei førebels finansiering for stillinga frå Europeisk forskningsråd fram til 30.09.3031. Forskaren vil arbeide med eit komplekst og tverrfagleg cellebiologisk prosjekt som spenner over kreftnevrovitskap og immunonkologi. Mekanismar for kommunikasjon mellom tumor og astrocyttar, samt interaksjonar mellom kreftcelledød og makrofagar, vil bli undersøkt for å etablere ei ny behandling for hjernesvulstar.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
- Utføre in vitro- og in vivo-eksperimentar for prosjektet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
Personleg eigenskapar for stillinga og forskingsgruppa vil bli tillagt stor vek
Særlege krav til stillinga
Regelverket for eksportkontroll gjeld for Universitetet i Bergen. Regelverket vil liggje til grunn i handsaminga av søknadane.
Søknaden skal innehalde:
- Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
- Stillinga er fast, men er for tida finansiert gjennom eksterne forskingsmidlar. Søkjarar blir gjorde merksame på at bortfall av finansiering kan få konsekvensar for stillinga. Dersom finansieringsgrunnlaget fell bort, kan dette gi grunnlag for oppseiing etter reglane i statsansattelova. Reglane om oppseiing og fortrinnsrett i statsansattelova vil då gjelde
Vi kan tilby:
- Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan hjernekreft
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Prof. Hrvoje Miletic.
For spørsmål om rekruttering og HR-relaterte forhold, kontakt HR-rådgjevar Selina Sia Hausberg.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.