Hoppa till huvudinnehållet
Stend Vgs logo
Ledigt jobb

Lærar Naturbruk

Stend Vgs
  • OrtBergen
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan6 dagar kvar
  • Publicerad8 okt.

Om tjänsten

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv,

påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved

Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å

utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg.

Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr.

Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10

klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I

tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.

Arbeidsoppgåver

Fast stilling som lærar med praktisk og teoretisk undervisning i programområde naturbruk, anleggsgartnar og landbruk. Undervisninga er særleg knytt til emne som drift av hage og parkanlegg, steinarbeid, maskin- og reiskapsbruk.

Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om praksis i bedrifter for elevane.

Kvalifikasjonar​Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse i det ein skal undervise i

Fagbrev innan anleggsgartnarfaget eller andre relevante fag er eit ønske, men ikkje eit krav

Dokumentert opplæring innan reiskapsbruk og sertifikat på maskiner som traktor, gravemaskin og/eller hjullaster er ønskeleg

Relevant yrkeserfaring kan vege opp for manglande teoretisk kompetanse

Søkjarar utan pedagogisk undervisningskompetanse kan tilsetjast på vilkårPersonlege eigenskapar​

Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald

Du har gode ferdigheiter innan relasjonsbygging

Du er engasjert og positiv og legg til rette for variert undervisning

Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid

Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre i laget rundt eleven

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting

Vi tilbyr

Løns- og arbeidsvilkår fastsett  i lov og avtaleverk.

Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt

og positivt miljø.

Andre opplysningar:

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort

sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå

offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

KontaktinformasjonTorbjørn Litlere, avdelingsleiar, 40488885

ArbeidsstadFanavegen 249

5244 Fana

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5185688875

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.10.2026