Hoppa till huvudinnehållet
Helse Bergen HF, Hudavdelingen logo
Ledigt jobb

Lege i spesialisering i hud- og veneriske sjukdommar

Helse Bergen HF, Hudavdelingen
  • OrtBergen
  • Omfattning–
  • Sista ansökan2 dagar kvar
  • Publicerad14 okt.

Om tjänsten

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig 3 vikariat for lege i spesialisering i hud- og veneriske sjukdommar frå 1. januar 2027. Vikariata er ledig i 8 månader frå tilsetting med moglegheit for tilsvarande forlenging. Vikariatet kan tene som del av spesialistutdanninga.

Vi har sengepost på 15 senger som vi deler med revmatologane, ein stor dagpost og poliklinikk, inkludert poliklinikk for seksuelt overførte infeksjonar og ein satelittpoliklinikk i Knarvik (Nordhordland) som alle legar må rekne med å ha tjeneste ved. Vi har om lag 42000 polikliniske pasientkonsultasjonar. Avdelinga er regionavdeling og universitetsklinikk i Helse Vest og den einaste med døgnsenger for hudsjuke i regionen. Avdelinga dekker heile spekteret av akutt og kronisk hud- og venerisk sjukdom, og er leiande innan fagområde når det gjeld pasientbehandling, grunn- og spesialistutdanning, samt forsking. Hudkreft og inflammatorisk hudsjukdom, særleg psoriasis, er hovudtema i forskinga. Vi arbeider aktivt med forbetring av pasientforløp og har brukarmedverknad som særleg fokus.

Våre 7 LIS sirkulerer ved alle seksjonane, start er avhengig av kompetansenivå ved start i stillinga. Tre av stillingane er øyremerka for kandidatar frå andre føretak i Helse Vest som treng teneste ved universitetsklinikken for å oppnå læringsmål. Det er for tida 7-delt vaktteneste for LIS, med spesialist i bakvakt 24/7.

Arbeidsoppgåver​

  • Poliklinikkarbeid, diagnostikk og behandling under supervisjon
Postlegefunksjon ved sengepost og dagpost under supervisjon
Deltaking i undervising av studentar, både medisin- og andre helseprofesjonar
I løpet av utdanninga kan arbeid under supervisjon ved satelittpoliklinikken i Knarvik bli aktuelt

Kvalifikasjonar​

  • Den som blir tilsett som LIS 3 må ha norsk autorisasjon og godkjent turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 3 stilling i hud- og veneriske sjukdommar

Vi ønsker oss:

Legar med brei medisinsk basiskunnskap
Legar med særskild vilje og lyst til arbeid med kronisk sjukdom, men og det akutte
God kommunikasjon skriftleg og munnleg på norsk
Legar med interesse for forsking

Personlege eigenskapar​

  • Du er nysgjerrig og vitebegjærleg
Du tar initiativ, med evne til strukturert og systematisk arbeid
Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp
Du har evne til tverrfagleg lagspel og inkluderande engasjement
Du har ph.d eller ønske om å fordjupe deg i forsking
Du er lojal
Du har gode kommunikative evner
Du har gode IKT-kunnskapar

Vi tilbyr​

  • Eit stimulerande og aktivt tverrfagleg læringsmiljø
Opplæring og undervising etter fast plan, inkludert praktiske diagnostiske og terapeutiske prosedyrar
Individuell og eventuelt grupperettleiing og fast rettleiar (overlege)
Moglegheit for deltaking i diverse prosjekt (forsking og kvalitetsforbetring)
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

​Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp

verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har

du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare

utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonIngeborg Margrethe Bachmann, Avdelingsoverlege, ingeborg.bachmann@helse-bergen.no

ArbeidsstadHaukelandsveien 22

5021 BERGEN

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5193963731

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.01.2027

Sluttdato: 31.08.2027

Søknadsfrist: 21.10.2026