Hoppa till huvudinnehållet
Klinikk sikkerheitspsykiatri/ Lokal sikkerheit rehabilitering, Helse Bergen HF logo
Ledigt jobb

Lokal Sikkerheit Rehabilitering søker assistent i fast helgestilling langvakt dag

Klinikk sikkerheitspsykiatri/ Lokal sikkerheit rehabilitering, Helse Bergen HF
  • OrtBergen
  • Omfattning–
  • Sista ansökan13 dagar kvar
  • Publicerad19 okt.

Om tjänsten

Vil du vere med å bidra til tryggleik, rehabilitering og utvikling innan sikkerheitspsykiatri?

Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerte i april 2026 ei ny lukka sengepost med åtte senger i Sandviken-området. Sengeposten tilbyr spesialisert behandling til pasientar i eit sikkerheitspsykiatrisk behandlingsforløp, med særleg fokus på tryggleik, stabilisering, rehabilitering og gradvis tilbakeføring til eit lågare omsorgsnivå.

Sidan oppstart i april 2026 har sengeposten bygd opp eit solid fagmiljø med høg fagkompetanse og god fagdekning gjennom heile døgnet. Medarbeidarane er kjenneteikna av fagleg engasjement, samarbeid og eit felles mål om å skape best mogleg behandling og utvikling for pasientane våre. Fagfeltet er i kontinuerleg utvikling, og vi søkjer deg som ønskjer å vere med på å vidareutvikle eit viktig behandlingstilbod.

Vi har ein ledig 18-26% fast helgestilling på dag for Assistent.

Stillinga er primært organisert med langvakter om lag kvar fjerde helg. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju fortløpande i søknadsperioden.

Arbeidsoppgåver​

  • Miljøterapeutisk arbeid og oppfølging i postmiljø
Teamarbeid og tverrfagleg samarbeid
Observasjon og dokumentasjon av symptom på psykisk liding
Bidra til å skape ei trygg og strukturert postatmosfære med omsorg, støtte og gode grenser
Praktiske oppgåver og dagleg drift
Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål

Kvalifikasjonar​

  • Relevant erfaring med pasientgruppa
Må meistre norsk munnleg og skriftleg særs godt
Bør vere student innan helse -og sosialfagleg utdanning
Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon
Ved tilsetjing må gyldig politiattest leggast fram

Personlege eigenskapar​

  • Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta
Strukturert og pasientorientert
Respektfull i møte med pasientar og pårørande
God evne til å arbeide tverrfagleg og i team
Trivst i eit aktivt miljø
Etterspør og nyttar rettleiing
Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr​

  • Å vere med og forme eit nytt behandlingstilbod innan sikkerheitspsykiatri
15 000 kroner pr år i særtillegg
Eit spennande og fagleg miljø der folk trivst på jobb
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsstad i Sandvikenområdet

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

KontaktinformasjonCecilie Engelsgjerd Eikestad, Seksjonsleiar, 90180905, cecilie.engelsgjerd.eikestad@helse-bergen.no

Britt Jeanette Hartwig, Ass. Seksjonsleiar, britt.jeanette.hartwig@helse-bergen.no

ArbeidsstadSandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5194649869

Stillingsprosent: 26%

Fast

Søknadsfrist: 02.11.2026