Overlege i geriatri ved Seksjon for geriatri
Medisinsk klinikk/ Seksjon for geriatri, Helse Bergen HFOm tjänsten
Medisinsk klinikk, Haukeland universitetssjukehus har ledig to faste 100% stillingar for overlege i geriatri ved seksjon for Geriatri. Vi oppfordrar med dette aktuelle kandidatar til å søke. Oppstart 1. mars 2027, eller etter avtale.
Geriatrisk seksjon vart etablert i september 2025. Vi har 8 akuttgeriatriske senger på sengepost for akuttgeriatri og infeksjon, eit ortogeriatrisk tilbod (50% OVL) på Seksjon for Hoftebrot, tilsynsteneste på sjukehuset, telefonisk rådgivingsteneste for eksterne og poliklinisk aktivitet i utvikling. Vi bidreg til fagleg utvikling i heile organisasjonen og til undervisning internt og på tilhøyrande utdanningsinstitutasjonar. Vi har ei viktig rolle i utviklinga av den moderne helsetenesten tilpassa den eldre pasient, og helsetenesteutvikling på tvers av klinikkar er ein viktig del av vår aktivitet. Vi arbeider også med å etablere eigne forskningsprosjekt, med hovedvekt på tverrfagleg forskning som omhandlar riktig behandlingsnivå og optimal, heilheitleg behandling av eldre pasientar som skal gjennom avansert behandling.
Medisinsk klinikk har også einingar for infeksjonssjukdommar, blodsjukdommar, nyresjukdommar, hormonsjukdommar og fordøyingssjukdommar.
Vi søker deg som ønskjer å delta i vidareutviklinga av det geriatriske tilbodet på Haukeland Universitetssjukehus. Vi vil ha deg som er fagleg interessert, som set pris på utvikling og endring og som trivast med å ta på deg ansvar og å ta initiativ i arbeidet. Vi vil ha deg som også ønskjer å formidle og drive fagutvikling. Vi verdsett også høgt interesse for og erfaring med forskning.
Det overordna målet til geriatrisk seksjon er bidra til heilheitleg, persontilpassa behandling av eldre pasientar med hovedfokus på å gjenopprette og behalde funksjon.
Dette er ei unik moglegheit til å arbeide ved eit av landets fremste universitetssjukehus, med stor fagleg breidde, høg forskingsaktivitet og eit sterkt tverrfagleg miljø.
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i Medisinsk klinikk og Geriatrisk seksjon sine ulike aktivitetar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
Personlege eigenskapar
- Interesse for fagutvikling, interdisiplinært samarbeid, kvalitetsutvikling og helsetenesteutvikling
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonAlme Katinka Nordheim, Seksjonsleder/Overlege, 41519875, katinka.nordheim.alme@helse-bergen.no
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5194478736
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.11.2026