UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Institutt for biovitenskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fjernmåling og modellering av alpine vegetasjonsendringar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid, inkludert undervisning og andre oppgåver ved instituttet.
Planlagt oppstart er 1. februar 2027.
Stillinga er knytt til forskingsteamet Mountains-in-Motion, leia av førsteamanuensis Suzette Flantua.
Alpine økosystem er i rask endring. I mange fjellområde breier buskar seg inn i tidlegare open vegetasjon som følgje av klimaoppvarming, endra arealbruk og redusert beitetrykk. Denne ekspansjonen kan endre habitatstruktur, biologisk mangfald, økosystemfunksjonar og den kulturelle verdien av opne fjellandskap vesentleg. Vier (Salix spp.) er blant dei mest utbreidde og økologisk viktige buskene i norske alpine miljø. Likevel er tempoet, dei romlege mønstra og dei underliggjande drivarane for ekspansjon av vierkratt framleis utilstrekkeleg forstått. Langsiktige observasjonar er få, og dei relative effektane av klima, topografi og arealbrukshistorie er sjeldan undersøkte på tvers av romlege og tidsmessige skalaer.
Ph.d.-prosjektet skal kombinere historiske flyfoto, satellittbasert fjernmåling, økologiske feltobservasjonar og romleg modellering for å kartleggje ekspansjon av vierkratt i ulike delar av Noreg frå dei siste tiåra og fram til i dag. Prosjektet skal deretter undersøkje miljø- og arealbruksfaktorar som er knytt til desse endringane, og utvikle framskrivingar av moglege framtidige vegetasjonsendringar. Forskinga vil bidra til ei betre forståing av korleis alpine landskap responderer på samverkande klimatiske og menneskeskapte påverknader. Ho vil òg gi romleg eksplisitt informasjon som er relevant for bevaring av biologisk mangfald, økosystemforvaltning og ivaretaking av kulturelt verdsette fjellandskap.
Ph.d.-prosjektet vil vere nært knytt til andre tverrfaglege prosjekt i forskingsteamet Mountains-in-Motion og til nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar innan biologisk mangfald, biogeografi, makroøkologi, fjernmåling, landskapsøkologi, pollinering og landskapsmodellering. Arbeidet inngår i ei breiare satsing på å forstå fortid, notid og framtid for alpine miljø og fjellmiljø over heile verda.
Den detaljerte forskingsplanen vil bli vidareutvikla av den som blir tilsett, i samarbeid med rettleiingsteamet.
Ein eller fleire av følgjande kvalifikasjonar vil vere ein fordel:
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Ved behov vil UiB søkje om eksportlisens før tilbod om tilsetjing vert gitt.
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
Søknaden skal innehalde:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Førsteamanuensis Suzette Flantua, Institutt for biovitenskap, suzette.flantua@uib.no, eller Instituttleder Ståle Ellingsen, Institutt for biovitenskap, Stale.Ellingsen@uib.no
For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med rådgjevar Magnus Skogstad, magnus.skogstad@uib.no , HR-seksjonen.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bergen