Hoppa till huvudinnehållet
Renhold seksjon 6, Helse Bergen HF, Drift- /teknisk divisjon logo
Ledigt jobb

Reinhaldar til fast helgestilling

Renhold seksjon 6, Helse Bergen HF, Drift- /teknisk divisjon
  • OrtBergen
  • Omfattning–
  • Sista ansökan8 dagar kvar
  • Publicerad14 okt.

Om tjänsten

Hospitaldrift Reinhald har ledig 1x15,02% helgestilling som reinhaldar/assistent frå desember 2026.

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815  medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transport tenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.

Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 340 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger.

Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.

Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette.

Arbeidsoppgåver​

  • Arbeidsoppgåvene vil bestå i regelmessig reinhald i sjukehuset og andre reinhaldsrelaterte oppgåver
Arbeidstid er: kvar 3.helg
Medarbeidar vil inngå i eit team som rullerer innan arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar​

  • Det vil bli stilt høge krav til gode norskkunnskapar
Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene
Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet

Personlege eigenskapar​

  • Vi ønsker at søkar skal vere serviceinnstilt
Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, like å jobbe i team
Må kunne følge og jobbe etter til ein kvar tid oppdaterte prosedyrar
Ha evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og effektivt i eit til tider hektisk miljø
God fysisk helse til å kunne jobbe med eit praktisk og fysisk arbeid

Vi tilbyr​

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Godt arbeidsmiljø
Bedriftsidrettslag
Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonGintare Hidalgo, Seksjonsleiar, 48614211

ArbeidsstadHaukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5193969983

Stillingsprosent: 15,02%

Fast

Søknadsfrist: 27.10.2026