Hoppa till huvudinnehållet
Divisjon IKT & entreprise logo
Ledigt jobb

Senior avtaleforvaltar/avtaleforvaltar

Divisjon IKT & entreprise
  • OrtBergen
  • Omfattning–
  • Sista ansökan12 dagar kvar
  • Publicerad19 okt.

Om tjänsten

Vil du bidra til at avtalane vi inngår gir verdi i praksis – for sjukehusa i Noreg, pasientane og samfunnet?

Sjukehusinnkjøp HF er eit nasjonalt helseføretak med ansvar for å gjennomføre og forvalte anskaffingar på vegner av alle sjukehus i Noreg. Vi er kategoriorganiserte og inngår avtalar på alt frå medisinsk utstyr og legemiddel til bygg, IKT og tenester – og følgjer dei tett opp i heile avtaleperioden. Dette gjer oss til ein av Noregs største innkjøpsorganisasjonar, med eit sterkt fagmiljø innan offentlege anskaffingar, kontraktsforvaltning og leverandøroppfølging.

Til divisjonen for IKT & entreprise ønskjer vi ein kollega til teamet vårt for avtale- og leverandøroppfølging innan kategoriane IKT og entreprise.

Stillinga høyrer til avdelinga som har ansvar for forvaltninga av porteføljen av kontraktar innan desse kategoriane.

Som avtaleforvaltar får du ansvar for å følgje opp ein portefølje av avtalar frå implementering og gjennom avtaleperioden. Du får også ansvar for å handtere førespurnader og saksbehandling i grensesnittet mellom kundane (sjukehusa) og leverandørane.

Som ein del av teamet vil du også bidra til å utvikle kategorikompetansen vår, og forbetre arbeidsprosessane, samtidig som du får gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Du blir ein del av eit solid fagmiljø i kontinuerleg utvikling, med engasjerte kollegaer, tydeleg samfunnsoppdrag og eit svært godt arbeidsmiljø.

Din kontorstad vil bli i Bergen eller Stavanger.

Visjonen vår er: Sjukehusinnkjøp HF leverer den beste avtalen for helseføretaka. Kvar gong!

Våre verdiar er:

nytenkjande
kunnskapsrik
engasjert
profesjonell

Dette skal liggje til grunn for alt vi gjer i Sjukehusinnkjøp HF, og det er viktig at du kan identifisere deg med og jobbe etter desse verdiane.

Arbeidsoppgåver​

  • Følgje opp ein portefølje av komplekse avtalar med fokus på implementering av IKT- og byggjekontraktar, oppfølging i drift som til dømes endringar og avvik
Vere bindeledd mellom helseføretaka (kundane) og leverandørane og sikre effektiv saksbehandling
Halde oversikt over freistar, dokumentasjon og forpliktingar i avtale- og leverandørporteføljen
Samarbeide tett med kollegaer, behovseigarar og brukarar hos kundane - og med leverandørane
Delta med erfaringsoverføring i oppstart og gjennomføring i nye anskaffingar
Sørgje for ryddig og strukturert dokumentasjon i systema våre

Kvalifikasjonar​​

  • Relevant høgare utdanning (t.d. administrasjon, økonomi, IKT, bygg, jus)
Erfaring frå kundeservice og kontraktsforvaltning
Erfaring med IKT- og/eller byggjekontraktar som Statens Standardavtaler (SSA) og/eller Norsk Standard (NS)
Ønskjeleg med erfaring frå IKT- og/eller byggjeprosjekt
Kjennskap til offentlege anskaffingar er ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar​​

  • Forretningsforståing, ser moglegheiter og finn gode løysingar
Jobbar sjølvstendig og tek eigarskap til ansvarsområda
Trivst med moderne prosessorientert og IKT-basert arbeidsflyt
Serviceinnstilt og med gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
Ser heilskap, men har også eit skarpt blikk for detaljar og systematikk

Vi tilbyr​

  • Ei viktig rolle med stor samfunnsverdi – du bidreg til at sjukehusa får det dei treng
Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
Moderne kontorlokale og fleksibel arbeidskvardag
Tett oppfølging i opplæringa og støtte frå erfarne kollegaer
Moglegheit for både fagleg fordjuping og utvikling over tid
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Livsfaseorientert personalpolitikk
Moglegheit for trening i arbeidstida

Lønnsspenn for stillinga er 700 000 - 850 000.

Om rekrutteringsprosessen

Søkere som blir vurdert som mest kvalifiserte, blir innkalla til intervju. Vi nyttar vanlegvis arbeidspsykologiske testverktøy og har to intervjurundar i tillegg til sjekk av attestar og referansar.

Alle søkjarar får tilbakemelding på søknaden sin, uavhengig av utfallet. Sjukehusinnkjøp HF er pliktig til å utarbeide offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservere deg må du grunngi dette i søknaden. Du vil bli kontakta dersom ønsket ikkje blir innvilga, og får høve til å trekkje søknaden, jf. offentleglova § 25.

KontaktinformasjonBjarte Wetteland, Avdelingsleder, +4792244229

ArbeidsstadInger Bang Lunds vei 4

5059 Bergen

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykehusinnkjøp HF

Referansenr.: 5194050433

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.11.2026