Spesialingeniør (bioinformatikk)
Avdeling for medisinsk genetikk, Helse Bergen HF, LaboratorieklinikkenOm tjänsten
Avdeling for medisinsk genetikk (MGM) er ei av åtte organisatoriske einingar i Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga har regionansvar for medisinsk-genetiske tenester i Helse Vest. Vi har om lag 95 tilsette med ulik yrkesfagleg bakgrunn, og vi er organisert i ein seksjon for klinisk genetikk, ei laboratorieeining med to seksjonar, og ein merkantil seksjon. Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft (RKAK) og Regionalt senter for presisjonsmedisin er òg knytta til avdelinga. Vi held til i lyse og trivelege lokale i 6. etasje i Laboratoriebygget, medan vår medisinsk-genetiske poliklinikk er lokalisert til 2. etasje i same bygg.
Verksemda er kjenneteikna av tett integrering mellom klinikk og laboratorium for diagnostisk utgreiing, rettleiing og oppfølging av pasientar og deira familiar med sikker eller mistenkt arveleg tilstand. Fagområdet er i rask endring, basert på ny teknologi som gjer det mogleg å analysere alle dei genetiske variantane til eit menneske i éin prøve. Gjennom utviklinga av persontilpassa medisin forventar vi at raskt aukande kunnskap om variasjon i arvestoffet vil få stor innverknad på medisinsk praksis i framtida. Forsking er ein viktig del av vår verksemd.
Ved avdelinga er det ledig ei fast stilling (100%) som spesialingeniør i bioinformatikk. Den som blir tilsett vil få ta del i ei spennande fagleg utvikling innanfor automatisering, behandling og analyse av genomdata og andre laboratoriestøtteprosessar i medisinsk-genetisk diagnostikk, med særleg fokus på neste generasjon sekvensering (NGS). Spesialingeniøren skal bidra til å utvikle, vedlikehalde og drifte nødvendige informatikksystem og program ved avdelinga, samt handtere dei data som blir produserte. Vedkommande blir ein del av eit godt fagmiljø og vil arbeida nært saman med tilsette ved Seksjon for bioinformatikk i Laboratorieklinikken.
Arbeidsoppgåver
- Utvikling og drift av programvare og pipelines for analyse av NGS-data
Kvalifikasjonar
- Mastergrad innanfor bioinformatikk, informatikk eller eit tilsvarande relevant fagfelt. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Personlege eigenskapar
- Fagleg dyktig og kreativ
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonVidar Martin Steen, Avdelingssjef, +47 95936016
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5189158855
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2026