Om tjänsten
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, Senter for ernæring, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på fire (4) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” NutriCa65 ”, finansiert av EU programmet Horizon Europe og Universitetet i Bergen.
Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % karrierefremmande, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Karrierefremmande kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
- Vere med på å gjennomføre to kliniske studiar med persontilpassa ernæringsbehandling for kreftpasientar, både ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen og ved Københavns Universitetshospital, avdelingane Herlev og Gentofte Hospital. Dette inneber eit opphald i København på om lag 10 månader.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjar må ha fullført mastergrad i klinisk ernæring og inneha autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog i Norge. Det er krav om kunnskaper på minimum C2 nivå. Arbeidserfaring som klinisk ernæringsfysiolog med kreftpasienter vil telje positivt. Erfaring med innsamling av antropometriske data og måling av energibehov med bruk av indirekte kalorimetri vil bli vektlagd.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB
Sjå krav om engelsk-kunnskapar: http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet
Forskarutdanning (Ph.d.-programmet)
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagde arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling:
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Søknaden skal innehalde
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
Generell informasjon:
Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte professor Jutta Dierkes e-post: jutta.dierkes@uib.no . For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar HildeJohannessen e-post: Hilde.b.johannessen@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Utforska relaterade jobb, lön & kommun
Fler jobb i Bergen
Se alla aktiva annonser i kommunen
Jobb som Universitets- och högskolelektorer
Utforska tjänster inom yrket
Lön för Universitets- och högskolelektorer
Snitt: 56 400 kr/mån (SCB)
Lönekalkylator 2026
Räkna ut din nettolön efter skatt
Optimera CV för rollen
Nyckelordsanalys för Universitets- och högskolelektorer