Hoppa till huvudinnehållet

Om tjänsten

Åsane tannklinikk aukar opp bemanninga og søkjer etter tannlege til 100 % fast stilling. Stillinga er ledig frå 01.01.2027.

Åsane tannklinikk har per i dag til saman 16 tilsette: 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Klinikken er lokalisert på Åsane vidaregåande skule, som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont). Vi har moderne utstyr og eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø.

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.

Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.

Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.

Arbeidsoppgåver

  • Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper
  • Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt

jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste.

  • Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannlege
  • Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
  • Godkjend politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.
  • Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.
  • Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.
  • Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
  • Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter avtale, for nyutdanna er årsløna for tida kr 660.000,-
  • Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Martine Aksnes-Aarlie, klinikkleiar , 90036717, martine.aksnes-aarlie@vlfk.no

Arbeidsstad

Åsane Senter 52

5116 Ulset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5202676996

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 22 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • IDI-TH - Åsane klinikkområde, Vestland fylkeskommune

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Bergen och dölj konkurrerande annonser på sidan.