Om tjänsten
Om stillingen
Nav Bergen vest gir tenester til innbyggjarane i Fyllingsdalen og Laksevåg. Vi held til i sentrale og nyoppussa lokale på Vestkanten storsenter. Kontoret består av om lag 130 kommunale og statlege tilsette som samarbeider tett, både internt og med dei andre bydelskontora i Nav region Bergen. Hos oss blir du ein del av eit stort fagmiljø med høge ambisjonar for kvalitet, læring og gode resultat.
Vi søkjer no ein engasjert medarbeidar til ei fast stilling som fagansvarleg.
Stillinga er delt mellom fagansvar (70 %) og oppfølging av eigne brukarar (30 %). Fagansvaret omfattar heile det statlege tenesteområdet ved kontoret. Dette gir ei brei og variert rolle med gode moglegheiter til å påverke kompetanseutvikling, arbeidsprosessar og tenestekvalitet. Samstundes vil du ha ansvar for eiga brukarportefølje og bidra til at fleire kjem i arbeid, aktivitet eller utdanning.
Du blir ein av to fagansvarlege ved kontoret og vil, saman med kollegaen din, ha ei sentral rolle i fagutvikling, opplæring og kvalitetsarbeid. De vil arbeide tett saman og vere viktige støttespelarar for både leiarar og medarbeidarar.
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du kan vere med og gjere ein forskjell for menneske som treng støtte på vegen vidare.
Kva går jobben ut på?
- planleggje og gjennomføre opplæring for nye og etablerte medarbeidarar
Det kan bli endringar i ansvar og arbeidsoppgåver.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
• svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det er ein fordel om du har
• erfaring med opplæring, fagleg rettleiing eller kompetansedeling
Kven er du?
- ein pådrivar og støttespelar
Kvifor velje oss?
- ei sentral rolle med stor moglegheit til å påverke fagleg kvalitet, læring og utvikling ved kontoret
Les meir om Nav som arbeidsgivar
KontaktinformasjonErik Ottesen, avdelingsleder, 99037851
Ingvild Haugland, fungerende enhetsleder, 93209972
ArbeidsstedLoddefjordveien 2
5171 Loddefjord
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5191446665
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.10.2026