Vitskapeleg assistent
Universitetet i BergenOm tjänsten
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Vitenskapeleg assistent
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS), er det ledig to mellombelse stillingar som vitskapleg assistent (100 %) for ein periode på eitt år frå 1. januar 2027, med moglegheit for forlenging. SEFAS er ein del av fagområdet for eldremedisin, samfunnsfarmasi og tverrprofesjonell samarbeidslæring (FEST), og stillingane rapporterer til fagområdeleiar for FEST.
Stillingane er knytte til Senter for samansette sjukdomar og aldring (CC.AGE), finansiert av Trond Mohns forskingsstifting.
I CC.AGE undersøkjer vi om bruk av persontilpassa teknologi kan betre livet til heimebuande eldre med samansette sjukdomar, slik at dei kan leve trygt og sjølvstendig heime med god livskvalitet. Sentralt i CC.AGE står utviklinga av ein forskingsbasert digital plug-and-play-mobilplattform (ALIVE) som samlar utvalde teknologiar til bruk i heimen. Mobilplattforma skal først testast i ein pilotstudie, og deretter skal det gjennomførast ein 12 månader lang randomisert kontrollert studie (RCT) for å utforske effekten og kostnadseffektiviteten av den persontilpassa plattforma.
Som vitskapleg assistent vil du ha ei viktig rolle i å rekruttere heimebuande eldre deltakarar, gi opplæring i mobilplattforma, følgje opp deltakarane og gjennomføre datainnsamling ved hjelp av mellom anna ei berbar klokke og radarinstallasjon. Du vil òg samle inn data frå validerte spørjeskjema, sikre god datakvalitet og sørgje for trygg lagring av data på UiB sine sikre serverar.
CC.AGE er tverrfagleg og omfattar medarbeidarar med bakgrunn innan medisin, ernæring, systemvitskap, kunstig intelligens, programvareutvikling, økonomi og etikk. I tillegg til vitskapleg tilsette har CC.AGE medverknad frå brukarrepresentantar og inngår i partnarskap med Bergen kommune og e-helseplattformutviklaren Youwell.
CC.AGE er ein del av eit innovativt, aktivt og tverrfagleg forskingsmiljø ved SEFAS. Prosjektet er eitt av fleire pågåande forskingsprosjekt ved SEFAS der sensordata frå berbare einingar og radarinstallasjonar vert nytta til å overvake symptom, effektar av intervensjonar og sjukdomsforløp hos eldre og personar med nevrologiske sjukdomar som demens og Parkinsons sjukdom.
Professor Bettina S. Husebø er leiar for SEFAS og CC.AGE. Senteret høyrer til fagområdet for eldremedisin, samfunnsfarmasi og tverrprofesjonell samarbeidslæring (FEST) og har om lag 25 tilsette. SEFAS har eit omfattande nettverk både nasjonalt og internasjonalt. SEFAS er lokalisert i Alrek helseklynge i Årstadveien i Bergen. Arbeidsstaden er ved SEFAS sine lokale i Bergen.
Arbeidsoppgåver:
Som vitskapleg assistent vil du få delta i alle oppgåvene i eininga i samarbeid med ein administrativ og ein vitskapleg ansvarleg for eininga, og stå for den daglege drifta.
Hovudoppgåvene er:
- rekruttering og inkludering av deltakarar
- planlegging av deltakarflyt
- utføring av standardundersøkingar av studiedeltakarar med utfylling av spørjeskjema og eventuelt intervju
- datainnsamling med digitale verktøy som berbare sensorar og radarinstallasjonar
- registrering av data på SAFE-serveren
- halde oversikt over forskingsutstyr
- kommunikasjon med deltakarar og pårørande
Den som vert tilsett skal òg bidra til optimalisering og vidareutvikling av ALIVE-plattforma, med utgangspunkt i tilbakemeldingar frå studiedeltakarar og i tett samarbeid med CC.AGE-teamet.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha fullført minimum mastergrad innan helserelaterte fag.
- Relevant vidareutdanning er ønskjeleg.
- Erfaring frå eldreomsorg og kommunikasjon med eldre med samansette sjukdomar er ønskjeleg.
- Erfaring frå prosjektarbeid og andre relevante forskingsprosjekt vil telje positivt.
- Tidlegare erfaring frå arbeid med heimebuande eldre med samansette sjukdomar er ønskjeleg.
- Flytande skriftlege og munnlege norsk- og engelskkunnskapar er eit krav.
- Formidlingserfaring er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og samstundes samarbeide godt med andre.
- Personlege eigenskapar som vil bli vektlagde i vurderinga av søkjarane, er mellom anna evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, samarbeidsevner, motivasjon, ansvarskjensle, arbeidsevne og entusiasme for forsking.
Vi søkjer ein person som
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er positiv, engasjert, uredd og fleksibel, og som raskt kan setje seg inn i nye oppgåver
- kan planleggje og utføre eigne arbeidsoppgåver sjølvstendig, effektivt og nøyaktig, og samstundes arbeide godt i team
- har svært god digital kompetanse, interesse for digitale løysingar og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
- er komfortabel med engelsk som arbeidsspråk
- er nysgjerrig og empatisk, og trivst med å arbeide tverrfagleg i eit internasjonalt team
Ved vurdering av søkjarane vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Løn er for tida kr 525 000 (kode 1020). Løn er brutto per. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknad med motivasjonsbrev som gjer greie for fagleg bakgrunn og kvifor du søkjer stillinga.
- CV.
- Mastergradsoppgåva (i PDF-format).
- Stadfesta kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar).bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå HK-dir sine sider for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
- Dokumentasjon på engelskkunnskapar og eventuelt norskkunnskapar
- Minimum to referansar (namn og kontaktinformasjon, den eine bør vere rettleiar på mastergradsoppgåva).
Ver merksam på at søknaden berre blir vurdert på grunnlag av informasjonen som er sendt inn innan søknadsfristen gjennom Jobbnorge. Det er derfor viktig at du legg ved all nødvendig dokumentasjon som viser at du er kvalifisert for stillinga.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Prof. Bettina S. Husebø, bettina.husebo@uib.no; +47 48094660 eller fagområdeleiar Prof. Line Iden Berge, line.berge@uib.no; +47 98857354
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Restid & pendling
Spara jobb & deadline-påminnelse
Sista ansökningsdag: 22 nov.Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger
När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.
Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Bergen och dölj konkurrerande annonser på sidan.