Hoppa till huvudinnehållet
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester logo
Ledigt jobb

Fagarbeidarstilling i turnus

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
  • OrtBjørnafjorden
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan3 dagar kvar
  • Publicerad8 okt.

Om tjänsten

Tilrettelagde tenester, for tida ved avdeling Søfteland bufellesskap, har ledig

  • 100 % fast stilling i turnus f.t arbeidshelg kvar 4. helg

​

Arbeidsstad

​Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenesta består av 8 bufellesskap og 2 dagsenter. Søfteland bufellesskap​ ligg i eit etablert bustadområde på Søfteland, ca. 10 minutt frå Os sentrum. Her bur seks unge tenestemottakarar med varierande og samansette funksjonsnedsettingar. Vi søkjer nye kollegaer som vil vere med å forma og vidareutvikla ein trygg og fagleg sterk arbeidsplass.

Arbeidsoppgåver

​

Yta eit heilskapleg, fagleg og personsentrert omsorgstilbod med fokus på livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging
Sikra bistand i daglege gjeremål og sosiale aktivitetar, inkludert følgje til dagsenter.
Administrering av medisinar
Bidra til ei trygg og føreseieleg ramme for kvar tenestemottakar gjennom støtte, omsorg og struktur
Samarbeid med pårørande, legar, fastlege, spesialisthelsetenesta m.m., samt delta i samarbeidsmøter
Observasjon og dokumentasjon i EPJ
Utføre målretta miljøarbeid og oppfølging av tiltak
Ha primær- eller sekundær kontaktansvar

"Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.

Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar

​

Helsefagarbeidar m/autorisajon, men andre med kjennskap til brukargruppa eller er under helsefagleg utdanning, vil og bli vurderte.
Erfaring frå målretta miljøarbeid med brukargruppa og erfaring med åtferdsarbeid, vil bli vektlagt. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Bilsertifikat klasse B er ønskjeleg men ikkje eit krav.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskaper

​«Kven er du?»

Det viktigaste for oss er at du har eit varmt hjarte og eit godt fagleg blikk.

Er du ein lagspelar som spreier energi i personalgruppa og tør å tenkje utanfor boksen når de vanlege løysingane ikkje strekk til?

Korfor velgje oss?

Her får du ikkje berre ein jobb, du får moglegheit til å utgjere den største forskjellen i nokon sitt liv

Du får en meiningsfull kvardag, der du kan sjå resultatet av jobben du gjer kvar einaste dag

Du får jobbe samen med engasjerte kollegaer som brenner for det same som deg.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Link til søknadsskjema: Søk her