Hoppa till huvudinnehållet
Bykle kommune, Bykle logo
Ledigt jobb

Prosjektleiar samfunnsutvikling, innovasjon og prosjektgjennomføring

Bykle kommune, Bykle
  • OrtBykle
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan4 dagar kvar
  • Publicerad8 okt.

Om tjänsten

Vil du vere med og forme framtidas Bykle?

​Bykle kommune søkjer ein engasjert og framtidsretta medarbeidar som ønskjer å skape reelle resultat for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn. Dette er ei unik moglegheit for deg som trivst i skjæringspunktet mellom innovasjon, samfunnsutvikling og prosjektarbeid. Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av framtidas helse- og velferdstenester, medverke i spennande oppvekstprosjekt og vere med på å vidareutvikle nærings- og samfunnslivet med særleg fokus på stadutviklinga i og rundt Bykle.

Hos oss får du høg grad av sjølvstende og du må vere god på samhandling. Stillinga er lagt til samfunnsavdelinga.

Arbeidsoppgaver

Stillinga vil omfatte prosjektarbeid innan fleire område, mellom anna:

Helse, velferdsteknologi og innovasjon (ca. 50 %)

Bidra i utvikling og implementering av helse- og velferdsteknologiske løysingar og innovasjon i sektoren.
Delta i arbeid med kommunal helseplan og strategisk utviklingsarbeid innafor helse
Følgje opp prosjekt, tilskot og finansieringsordningar
Samarbeide med fagmiljø, brukarar og eksterne aktørar

Oppvekst og utviklingsprosjekt (ca. 20 %)

Bidra i arbeid med heilskapleg plan for oppvekst og utviklingsprosjekt innan oppvekstsektoren
Følgje opp prosjekt med ekstern finansiering
Rapportering, dokumentasjon og koordinering av tiltak

Næring og samfunnsutvikling (ca. 30 %)

Koordinering og utvikling av rutinar for arrangementsgjennomføring i kommunen
Koordinering og tilrettelegging for styrkt aktivitet i Bykle.
Delta i oppfølging av prosjekt knytt til Setpro, vaskeri og vidareføring av metodikk frå Brynje-prosjektet.
Andre oppgåver kan bli tillagt

Ansvarsområde

Prosjektleiing og prosjektarbeid innafor den til ei kvar tid gjeldande økonomiske rammer/prosjekt.
Bidra til samarbeid mellom kommune, næringsliv og frivillig sektor
Søknad om finansiering og tilskotsmidlar
Sakshandsaming og rapportering
Gjennomføring av vedtekne tiltak og prosjekt
Samarbeid med interne og eksterne aktørar

Kvalifikasjoner

Vi ønskjer at du har:

Relevant høgare utdanning på bachelor/masternivå
Kompetanse og erfaring frå prosjektleiing og utviklingsarbeid
God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Vi nyttar nynorsk som målform.
Erfaring med søknadsarbeid og finansieringsordningar er ein fordel
Relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.

Personlige egenskaper

Vi ser etter deg som:

Er initiativrik og sjølvstendig
Har gode samarbeidsevner
Er strukturert og målretta
Evnar å arbeide på tvers av fagområde
Trivst med å skape framdrift og resultat

Vi tilbyr​

  • Ei spanande og variert utviklingsstilling
Moglegheit til å påverke framtidig utvikling i Bykle kommune
Tverrfagleg samarbeid med engasjerte fagmiljø og ulike kompetanseområde.
Fleksibilitet og stor grad av sjølvstende
Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Flott natur og svært gode høve til friluftsliv året rundt
Nærleik til storbyliv, berre tre timars køyretur unna
Løpande barnehageopptak i ein flott og trygg barnehage
Vi er behjelpelege med å skaffe bustad

Andre opplysningar​

Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter

Aktuelle kandidatar blir inviterte til intervju

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som går fram av lover, reglement og tariffavtalar

Bykle kommune er oppteken av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje hos oss

Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i ei forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateken offentlegheit, men dette må grunngjevast skriftleg, jf. offentleglova § 25. Dersom kommunen ikkje kan imøtekome ønsket, vil du bli varsla før offentleggjering

Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar

KontaktinformasjonSigne Sollien Haugå, Kommunalsjef, 48237300

ArbeidsstedSarvsvegen 14

4754 BYKLE

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Bykle

Referansenr.: 5185810509

Stillingsprosent: 100%

Prosjekt

Sluttdato: 30.11.2028

Søknadsfrist: 23.10.2026