Hoppa till huvudinnehållet
AGNITIO AS logo
Ledigt jobb

Vi er alltid på jakt etter dyktige menneske

AGNITIO AS
  • OrtFørde
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan25 dagar kvar
  • Publicerad20 aug.

Om tjänsten

Fann du ingen ledige stillingar som passar akkurat no? Det betyr ikkje nødvendigvis at vi ikkje er interesserte i å høyre frå deg.

Agnitio er eit medarbeidareigd IT-selskap med kontor i Øvre Årdal, på Vossevangen og i Førde. Vi hjelper kundane våre med å skape

ein trygg, stabil og moderne digital arbeidskvardag gjennom rådgjeving, prosjektleveransar og driftstenester.

Vi er alltid interesserte i å kome i kontakt med personar som ønskjer å utvikle seg innan eitt eller fleire av fagområda våre:

Nettverk og infrastruktur
Informasjonssikkerheit og cybersikkerheit
Microsoft 365 og skykonsulenttenester
Moderne arbeidsflate og klientadministrasjon
Drift og forvalting av IT-løysingar
Rådgjeving og konsulenttenester
Prosjektleiing og tekniske leveranseprosjekt
Sal og kundeutvikling

Enten du er ein erfaren spesialist, konsulent, teknikar, rådgjevar, prosjektleiar eller nyutdanna med interesse for teknologi,

ønskjer vi gjerne å høyre frå deg.

Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer, korte avgjerdsvegar og gode moglegheiter for fagleg og

personleg utvikling. Som medarbeidareigd selskap byggjer vi Agnitio saman, og vi legg stor vekt på samarbeid, trivsel og

kunnskapsdeling.

Legg inn CV-en din og fortel litt om deg sjølv, erfaringa di og kva fagområde du er mest interessert i. Vi tek kontakt dersom vi

ser ei moglegheit som passar kompetansen din og behova våre.

Kanskje er du vår neste kollega?