Hoppa till huvudinnehållet
Veidekke logo

Tømrere Førde/Sunnfjord

Veidekke
  • OrtFørde
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan30 dagar kvar
  • Publicerad10 nov.

Om tjänsten

Veidekke Bygg avdeling Førde har behov for fleire tømrarar til våre prosjekt i Sunnfjord-regionen.

Vi ser etter deg som er strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet og service i arbeidet ditt. Og ikkje minst har

stå-på-vilje og godt humør. Du har fagbrev i tømrarfaget og lyst til å vere med å vidareutvikle vår avdeling i Førde innan våre

satsingsområde bolig, næring, skule og offentlege bygg. Har du erfaring som bas eller formann er det eit stort pluss.

Som tømrar har du ansvar for framdrift og produksjon med laget ditt. Du sørger for god flyt i produksjonen og har ei involverande

arbeidsform. Veidekke er leiande i bruk av digitale verktøy på byggeplass, og du vil bli ein del av eit involverande, innovativt

og framtidsretta arbeidsmiljø der BIM er ein del av vår kvardag.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan tømrarfaget (anna relevant erfaring/kompetanse kan bli vurdert – vi tilset også vaksenlærlingar)
  • Snakkar norsk, svensk eller dansk

Profil

  • Engasjert
  • Kvalitetsbevisst
  • Interessert i ny teknologi og digitalisering
  • Høgt fokus på HMS

Vi tilbyr deg:

  • Fast jobb i eit uformelt og godt arbeidsmiljø hos ein trygg og seriøs arbeidsgivar
  • Fri mobiltelefon
  • Personleg verktøypakke
  • Gode lønnsvilkår og ordningar for forsikring og pensjon
  • Framtidsretta arbeidsmetodar, gode utviklingsmulegheiter og digitale løysingar

Vi har eit bredt spekter av kurs og opplæring hjå oss. Gjennom vår ordning for aksjekjøp får du høve til å eige aksjar i eiga

bedrift saman med kollegaene dine. I dag eig om lag halvparten av dei tilsette i Veidekke 10 % av aksjane i selskapet, noko som er

ganske unikt for store selskap i Norge.

Er du interessert eller lurer på noko om stillinga? Ta gjerne kontakt med oss:

Bjørnar Haveland, avdelingsleiar Veidekke Bygg Førde, tlf 920 23 650

Om arbeidsgivaren

Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar

og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 43 milliardar

kroner, og nær halvparten av dei 7 800 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten

i 1936 alltid gått med overskot.

Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og

andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 15,3 milliardar (2025), og verksemda har ca 2 800 tilsette, der 1 550 er

fagarbeidarar og 1 250 funksjonærar.

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 17 dec.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Veidekke

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Førde och dölj konkurrerande annonser på sidan.