Hoppa till huvudinnehållet
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter As logo
Ledigt jobb

100% fast stilling som lege

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter As
  • OrtFjaler
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan3 dagar kvar
  • Publicerad5 okt.

Om tjänsten

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter søkjer ein engasjert lege som vil vere med på å gjere ein reell forskjell – i eit fagmiljø der vi ser mennesket bak diagnosen, og der ressursar og meistring står i sentrum

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg kan samarbeide tett med spesialistar innan fysikalsk medisin og rehabilitering, psykiatri, sjukepleie, fysioterapi, ergoterapi, arbeidsretta tiltak, ernæring, idrettspedagogikk, logopedi og miljøterapi. Du bidreg med din spisskompetanse i klinisk praksis og tverrfaglege vurderingar -- og får vere med på systematisk fagutvikling

I tillegg har du;

Norsk autorisasjon som lege

Legar i spesialisering (LIS) og kandidatar med relevant erfaring vil også bli vurderte

Interesse for rehabilitering og tverrfagleg arbeid

Gode norskferdigheiter (minimum C1)

God IKT-kompetanse

Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a

Arbeidsoppgaver

Klinisk arbeid og tverrfagleg samarbeid
Medisinske vurderingar og journalføring
Undervisning og rettleiing
Moglegheit for forsking og utviklingsarbeid
Aktiv deltaking i innandørs og utandørs aktivitetar

Vi tilbyr

Familievennleg dagstilling, utan vakter eller helgearbeid
God fleksibilitet i arbeidskvardagen, med moglegheit for individuelle tilpassingar
Eit sterkt fagmiljø med tett tverrfagleg samarbeid og regelmessig internundervisning
Gode moglegheiter for fagleg utvikling: kurs, vidareutdanning, hospitering og forsking
Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
Hjelp til bustad og gode velferdstilbod
Ein jobb med meining - i naturskjønne omgjevnader