Er du vår nye vert og pedagog?
Jakob Sande-senter for forteljekunstOm tjänsten
Jakob Sande-senter for forteljekunst har ledig stilling som museumsvert og pedagog frå 1. januar 2027. Søknadsfrist 8. november.
Sandesenteret skal bidra til at fleire får eigarskap til nynorsk språk og kultur, og arbeider for at menneske på tvers av bakgrunnar og generasjonar skal finne fram til sitt eige språk og uttrykk. No søkjer vi ein ny medarbeidar med fast arbeidsstad i Klokkargarden. Vi ser etter deg som evnar å skape gode møte mellom menneske i alle aldrar. Du er interessert i formidling, pedagogisk og praktisk arbeid, og har lyst til å bidra til at Sandesenteret held fram med å vere ein levande møtestad for litteratur, forteljing og kultur.
Om stillinga
Stillinga som museumsvert og pedagog kombinerer vertskapsoppgåver med pedagogisk arbeid og formidling. Som vår museumsvert og pedagog vil du møte ulike publikumsgrupper og bidra til gode opplevingar for besøkande, skuleklassar og andre grupper. Du får ei sentral rolle i den daglege drifta av senteret og i arbeidet med å utvikle formidlingstilbodet og aktivitetane våre.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å:
Vi ser etter deg som
Vi tilbyr
Krav til søkjar
Pedagogisk utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav. Erfaring med formidling, arrangementsarbeid eller museumsarbeid er ein fordel.
Stillinga kan tilpassast den einskilde. Oppmodar deg om å søke trass i om du ikkje har erfaring med alle oppgåvene frå før.
80 % engasjement, med moglegheit for vidareføring.
Søknadsfrist 8. november.
Send søknad med CV på epost post@jakobsande.no
Har du spørsmål til stillinga, ta kontakt med dagleg leiar i Jakob Sande-senter for forteljekunst, Rakel C. W. Solheim på telefon 97650966 eller epost rakel@jakobsande.no.