Hoppa till huvudinnehållet
Gulen kommune logo
Ledigt jobb

Barne- og ungdomsarbeidar/tilsvarande, i inntil 100% vikariat

Gulen kommune
  • OrtGulen
  • Omfattning–
  • Sista ansökan12 dagar kvar
  • Publicerad19 okt.

Om tjänsten

Om stillinga 

Byrknes barnehage og skule har frå snarast/etter avtale til medio august 2027 ledig i inntil 100% vikarstilling som barne- og ungdomsarbeidar/eller tilsvarande. Stillinga er i utgangspunktet tenkt å vere knytt til arbeidsoppgåver i barnehage, men andre oppgåver ved eininga kan vere aktuelt ved behov (SFO/skule).

Byrknes barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdeling. Klikk deg inn her for å lese meir om barnehagen ved eininga, og her for meir informasjon om skulen/SFO.

Arbeidsoppgåver​

  • Medverke til at einiga er ei god pedagogisk verksemd
Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna
Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
Andre oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar ​

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande relevant kompetanse. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan vi vurdere søkjarar utan godkjend utdanning
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram gyldig politiattest før tiltreding

Personlege eigenskapar ​

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med barna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både barn og vaksne
Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med barna
Fleksibel og har gode samarbeidsevner
Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna ​

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Løn etter tariff