Hoppa till huvudinnehållet
Gulen kommune logo

Byggdriftar/vaktmeister, 100% fast stilling 

Gulen kommune
  • OrtGulen
  • Omfattning–
  • Sista ansökan24 dagar kvar
  • Publicerad21 okt.

Om tjänsten

Om stillinga

Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som byggdriftar/vaktmeister, med oppstart snarast/etter avtale.Stillinga ligg til eining eigedomsforvaltning, kor me har 22,6 årsverk som hovudsakleg jobbar med bygg/eigedomsforvaltning, reinhaldsteneste, veg/samferdsel, vatn og avløp, samt prosjekt/byggeleiing innanfor fagfelta.

Stillinga har oppmøtestad ved Dalsøyra skule, men heile kommunen kan vere arbeidsområde gjennom dagen. Me ser etter ein dyktig byggdrifter/vaktmeister som trivast med fysiske arbeidsoppgåver, samt samarbeidar godt i lag med fleire, er løysingsorientert i oppgåvehandtering, pliktoppfyllande og som vert motivert av å jobbe med driftsoppgåve med eit samfunnsnyttig føremål. Dersom du har interesse for fagleg utvikling innanfor ditt felt og ynskjer å drifte våre anlegg med god kvalitet, ynskjer me å høyre frå deg.

Arbeidsoppgåver

  • Drift- og vedlikehaldsoppgåver i hovudsak på kommunale bygg og uteområde
  • Driftsoppgåver på andre fagområder på eininga kan vere aktuelt å delta på
  • Utføre eigne vedlikehaldsoppgåver, samt ha dialog med eksterne firma
  • Internkontrollar og avviksrapportering/utbetringar
  • Bruke driftssystem som SD-anlegg og FDV-system
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innanfor relevant fagområde (byggdriftar, røyrleggar, tømrar, elektro, mekanisk, anleggsgartnar o.l.)
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Ynskjeleg med relevant arbeidserfaring frå arbeidslivet
  • Har grunnleggande datakunnskapar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Krav om førarkort kl B
  • Det vert stilt krav om gyldig politiattest av den som får tilbod om denne stillinga

Personlege eigenskapar

  • Evne til å raskt sette seg inn i nye problemstillingar
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Er strukturert, systematisk og leverer arbeid av god kvalitet
  • Er løysingsorientert, fleksibel og sørvisinnstilt
  • Har gode samarbeidsevner og er ein god lagspelar
  • Er initiativrik og likar å halda seg fagleg oppdatert
  • Trivst med fysisk arbeid
  • Å vere personleg eigna vil verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Det er gode forsikrings- og pensjonsordningar i kommunen