Om tjänsten
Om stillinga
Gulen kommune søkjer ein engasjert og tydeleg einingsleiar til eit 100% vikariat i eininga plan, landbruk og teknisk (PLT) frå 01.02.2027 til om lag midten av november 2027. Kan verte mogleg med noko forlenging av vikariatet.
Som einingsleiar ved PLT får du ei sentral rolle i samfunnsutviklinga i kommunen. Du leier ei fagleg breitt samansett eining og bidreg både i det langsiktige planarbeidet og i arbeidet med å leggje til rette for berekraftig utvikling, aktivitet og verdiskaping i kommunen.
Gulen er ein kommune i utvikling, med eit ambisiøst næringsliv, lang kystlinje og rik og mangfaldig natur. Stillinga gir ei god moglegheit til å påverke utviklinga i kommunen i tett samarbeid med innbyggjarar, næringsliv, politisk leiing og fagmiljø.
Du blir ein del av kommunen sitt samla leiarforum og samarbeider tett med eining for eigedomsforvaltning og avdeling for innbyggjarservice. Eininga har ansvar for byggjesak, kart og oppmåling, arealplanlegging, skog og landbruk, viltforvaltning, miljø, klima og forureining.
I dag har eininga ti tilsette. Organisering og oppgåver kan endre seg i takt med behova i kommunen. Vi ønskjer å byggje ei eining med brei kompetanse, godt samarbeid og god forståing for heilskapen i samfunnsutviklinga.
Vi ser etter deg som er samfunnsengasjert, trivst med å leie kompetente og motiverte medarbeidarar, og som handterer varierte oppgåver på tvers av fagområde.
Me tilbyr
- Ein spanande og variert arbeidskvardag med viktige oppgåver for kommunen
Arbeidsoppgåver og ansvar
Som einingsleiar har du det overordna faglege, personalmessige og økonomiske ansvaret for eininga. I vikariatet skal du sikre god drift, framdrift og kontinuitet i arbeidet, i tett samarbeid med medarbeidarane og resten av kommuneorganisasjonen.
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Vi ser etter deg som er motivert av å bidra til vidare utvikling av Gulen kommune. Du må kunne setje deg raskt inn i eit breitt ansvarsområde, skape god framdrift i sakene og sikre ei føreseieleg leiing av eininga gjennom vikariatperioden. Digitalisering er ei viktig satsing i kommunen, og du vil ha ei aktiv rolle i dette arbeidet.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan fagområde som bygg og miljø, arkitektur, juss, arealplanlegging eller tilsvarande. Relevant og lang erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for delar av utdanningskravet
Personlege eigenskapar
- God rolleforståing og evne til å utøve tydeleg, trygg og fagleg forankra leiing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk