Ønskjer du å vere med og vidareutvikle Høyanger legeteneste ?
Høyanger kommune LegetenestaOm tjänsten
Høyanger kommune har ledig 70% stilling som fastlege ved Høyanger legeteneste. Det er mulegheit for deltaking i interkommunal legevakt for auke i stilling.
Arbeidstida er fortrinnsvis oridnær dagtig kvar veke, men det kan opnast for rotasjonsordning.
Legetenesta i Høyanger er eit veletablert legekontor med eit godt arbeidsmiljø. Vi rettleiar og støttar kvarandre i ein travel arbeidsdag. Kontoret har fem fastlegar (desse arbeider i 2 ulike rotasjonsordningar), ein LIS1- lege, kommuneoverlege, sjukepleiarar og helsesekretær. I tillegg er det ein lege i 40% stilling som har tilsynslegefunksjon ved ein av institusjonane og er helsestasjonslege i Høyanger.
Kontoret har eit velutstyrt laboratorium med stor analysepark, 24- bt, spirometri, EKG, audiometri og tonometri. Legetenesta har kontordagar på utekontor i Lavik og på Sørsida med lege og sjukepleiar. Ein legg vekt på kvalitetssikring og fagleg utvikling, og har regelmessige møter med faglegediskusjonar. Vi tilbyr ein allsidig praksis med faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver. Legetenesta
deltek i interkommunal legevakt, SYSIKL som ligg i lokaler knytt til Helse Førde.
Arbeidsoppgåver:
- Allmennlegeoppgåver som fastlege med listeansvar for ca 700 pasientar. Det kan vere aktuelt med andre allmennlegeoppgaver inntil 7,5 timar per veke
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som lege
Personlege eigenskapar:
- Stor grad av fleksibilitet, ansvarsbevisst og engasjement
Personleg eigenskap vert vektlagt
Anna:
- Søkjarane må gje opp minimum to referansar i søknaden.
Vi kan tilby:
- Valfri tilknytning kan drøftast: driftslønsavtale eller kommunal tilsetting
Presentasjon av Høyanger som bu- og arbeidsområde:
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg. Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle,
kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar. Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.
Her kjem du inn i bildet!
Kvifor Høyanger?
- Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Lurer du på korleis det er å arbeide som lege ved legetenesta eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Kontakt kommuneoverlege Mie Bastholm på telefon 992 19 381 og høyr hennar erfaringar.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.
Link til søknadsskjema: Søk her