Hoppa till huvudinnehållet
Hå kommune Nærbø ungdomsskule logo
Ledigt jobb

Nærbø ungdomsskule søker kontaktlærar til 9. trinn med kompetanse i engelsk

Hå kommune Nærbø ungdomsskule
  • OrtHå
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökanSista ansökningsdag idag
  • Publicerad1 okt.

Om tjänsten

Stillinga er eit halvårsvikariat på 80 % med moglegheit for 100 %, våren 2027 (01.01.27 - 31.07.27).

Nærbø ungdomsskule er ein skule med ca 330 elevar og 45 tilsette. Her er det hyggelege elevar og eit veldig godt arbeidsmiljø. Skulen har ambisjonar om å utvikle elevane sin dugleik på alle plan og skape gode og trygge rammar for læring. Skulen ligg nær togstasjonen, og har eigen parkeringsplass.

Kvalifikasjonar​

  • Godkjent lærarutdanning
  • God IKT-kompetanse
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Du må være løysingsorientert og bidra aktivt til et godt arbeids- og læringsmiljø

Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan kompensera for manglande fagleg kompetanse.

Arbeidsoppgåver​

  • Planlegge og lede elevane si læring saman med andre faglærarar på trinnet
  • Arbeide for et trygt og inkluderande læringsmiljø
  • Følge opp elevane si læring og progresjon
  • Samarbeide med foreldre og føresette
  • Bidra aktivt for å utvikle eit godt lærarsamarbeid og eit lærande fellesskap på skolen

Personlege eigenskapar​

Me ønsker at du er god på relasjonar og er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar. Du kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du evnar å samarbeide med kollegaer og føresette. Du må vera løysingsorientert, engasjert, positiv og ha godt humør.

Me tilbyr​

  • Eit godt og sterkt fagmiljø med mykje godt humør
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Konkurransedyktig lønn
  • Fordelane som ei IA bedrift gir

Attestar og vitnemål​

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, gif, jpeg, jpg eller png​, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest​

Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår​

Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

Link til søknadsskjema: Søk her