2. gangs utlysing Sjukepleiar - fast stilling på natt
Eidet omsorgssenter avd 1, Haram kommuneOm tjänsten
Haram kommune søker etter sjukepleiar i ca. 65% fast stilling, for tida ved Eidet Omsorgssenter i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg.
Eidet Omsorgssenter har eit tett samarbeid på tvers av dei 2 avdelingane på omsorgssenteret, særleg på
natt. Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi
ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode
måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord
og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.
Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram
omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne
av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at
brukarane mottek gode tenester.
Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har
ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester,
slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den
viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling
og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i
kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av
tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre
gode.
Arbeidsoppgåver
- Helsefaglege oppgåver.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
Personlege eigenskapar
- I Haram kommune ønsker vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid.
KontaktinformasjonMaria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no
ArbeidsstadTrolldalssletta 12
6264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5177985024
Stillingsprosent: 65%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2026