Hoppa till huvudinnehållet
Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune logo
Ledigt jobb

Vikariat barnehagelærar

Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune
  • OrtHaram
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan3 dagar kvar
  • Publicerad30 sep.

Om tjänsten

Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – som blir aktivt brukt  gjennom heile året. Barnehagen har 97 barn og 33 tilsette fordelt på seks basar per idag. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Per idag er vi lokalisert på gamle Vatne barneskule, i påvente av utbygging i Tennfjord.

Vi søker deg som er aktiv, leiken, omsorgsfull, fagleg engasjert og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du brennande engasjert i barn og ønsker å bidra til å gi dei ein god oppvekst ? Då håper vi at akkurat du skal søke på stillinga hos oss.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver​

  • Medansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på avdelinga/ basen, i tråd med ramme - og lovverk (jf. Barnehageloven og Rammeplan for barnehage)
Rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda han/ho er sett til

Kvalifikasjonar

For stilling som barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

Søkar må vidare:

Levere oppdatert politiattest
Jobbe i tråd med barnehagelova
Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova § 18b
Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som har evne til å:

Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring, samt å arbeide etter Tennfjord barnehage sin visjon; Vi gjer kvarandre gode
Jobbe sjølvstendig og vere synleg i gruppa
Motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet
Bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og det som elles skjer på eigen arbeidsplass
Vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
Vere bidragsytar i ein levande og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøte, planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
Jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
Samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon
Vere ein god rollemodell
Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/ psykososialt miljø for både barn og vaksne, her under utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf barnehageloven
Sikre barna sin rett til medverknad og involvering

Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Vi tilbyr​

  • Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
Løn etter gjeldande tariff
God pensjonsordning

KontaktinformasjonGro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no

ArbeidsstadGjerdebakken 55

6265 Vatne

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5180503034

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 02.11.2026

Sluttdato: 31.07.2027

Søknadsfrist: 22.10.2026