Hoppa till huvudinnehållet
Helse og koordinerande eining logo
Ledigt jobb

Medarbeidar i teneste for psykisk helse- og rus

Helse og koordinerande eining
  • OrtHareid
  • Omfattning–
  • Sista ansökan9 dagar kvar
  • Publicerad15 okt.

Om tjänsten

Tenesta for psykisk helse og rus er organisert under helse og koordinerande eining i sektor for velferd. Stillinga vi har ledig er eit vikariat i inntil 100 prosent stilling med varigheit på seks månader. Vi ønskjer at du kan starte snarast, og det kan vere mogleg at vikariatet vert forlenga.

Jobben er knytt til samtaleoppfølging, gruppetilbod, kursverksemd og anna relevant arbeid. Vi ønskjer at du kan bidra positivt inn i eininga, og vere med på å oppretthalde kontinuitet og kvalitet i tenestene.

Arbeidsoppgåver​

  • miljøterapeutisk arbeid på gruppe- og individnivå
kartlegging, støttesamtalar og rettleiing
tett tverrfagleg samarbeid i kommunen og med eksterne samarbeidspartnarar
rapportering og dokumentasjon
delta på ansvarsgruppemøte og samarbeidsmøte
bidra i ulike lågterskeltilbod
delta i utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar​For å bli vurdert for stillinga må du som hovudregel ha treårig høgskuleutdanning innan til dømes sjukepleie, barnevern, psykologi, vernepleie eller sosialt arbeid. Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus vil bli vektlagt.

Anna relevant fagutdanning eller relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.Personlege eigenskapar​

  • imøtekomande og med evne til å skape tillit og gode relasjonar
god ansvarsforståing, kommunikasjonskompetanse og samarbeidsevne
du må vere trygg på deg sjølv og i stand til å handtere utfordrande situasjonar
vi verdset at du er omsorgsfull, sjølvdriven og løysingsorientert
evne til å arbeide sjølvstendig og i team
gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og munnleg
personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Du må ha førarkort klasse B. Før du tek til i stillinga, må du leggje fram politiattest av ny dato.

Vi tilbyr​

  • ein triveleg og spanande arbeidsfellesskap med fagleg dyktige kollegaer
varierte arbeidsoppgåver med høve til fagleg utvikling
løn etter gjeldande tariffavtale

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Attestar og vitnemål skal lastast opp og leggjast ved søknaden.

Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og avtaleverk.

Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsetjingar. I samsvar med offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du ønskjer reservasjonsrett, må dette grunngivast i søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal førast opp på søkjarlista. Du vil i så fall bli kontakta før offentleggjering.

KontaktinformasjonPerdis Holstad, Einingsleiar, +47 95891281

ArbeidsstadTeigevegen 55

6060 HAREID

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Hareid kommune

Referansenr.: 5156497211

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 28.10.2026