
Høgskulen på Vestlandet · Haugesund
Avdelingsleiar for Avdeling for HR (fast stilling) Høgskulen søkjer etter deg som kan leie vidareutviklinga av HR-området i HVL. Avdeling for HR er organise...
Avdeling for HR er organisert i fellesadministrasjonen, og har om lag 40 tilsette som er fordelt på alle dei fem campusane våre. Avdelinga ligg i linja til organisasjonsdirektøren, og er organisert med avdelingsleiar, nestleiar, og tre fagansvarlege for områda a) tilsetterekruttering b) lønsfunksjonen og c) HMS og kompetanseutvikling.
Som avdelingsleiar for HR har du det overordna ansvaret for utvikling og leiing av HR-området ved HVL. Avdelingsleiar har ansvaret for å utvikle og omstille avdelinga og HR-området, tilpasse nye krav og forventningar, inkludert det digitale skiftet. Du skal sikre profesjonelle og framtidsretta HR-tenester som støttar høgskulen si kjerneverksemd.
Leiar av HR-avdelinga har eit særskilt ansvar for å bygge ein sterk samarbeidskultur og gode team på HR-området, på tvers av campusane i høgskulen.
Mynde
Avdelingsleiar skal leie avdelinga i samsvar med forventingar til leiarar i staten og HVL sine interne retningsliner.
Mynde i avdelingsleiarstillinga er delegert frå organisasjonsdirektøren, avdelingsleiar rapporterer til organisasjonsdirektør, og det er lagt personal- og budsjettansvar til stillinga. Nestleiar har medansvar for fagområda tilsetterekruttering og lønsfunksjonen, og har personalansvar for tilsette på desse områda.
Det er ein fordel om du har erfaring frå universitets- og høgskulesektoren eller annan kunnskapsintensiv verksemd, og forståing for statleg styring, regelverk og rammevilkår.
Vi tilbyr:
Stillinga som avdelingsleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1060 - avdelingsdirektør.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Les meir på våre heimesider.
Om stillinga Universitetet i Stavanger søkjer avdelingsleiar til Arkeologisk museum, Avdeling for formidling. Me søkjer ein ambisiøs person som vil styrkje museet sin posisjon som eit leiande, nyskapande og attraktivt museum som driv forskingsbasert formidling av regionen i forhistorisk og tidleg historisk tid. Avdelingsleiaren skal leie det strategiske arbeidet med å utvikle heilskaplege konsept og planar for formidlinga av museet si forsking og øvrige kunnskapsproduksjon. Vidare skal avdelingsleiaren, i samarbeid med avdelinga, utvikle formidlingsprofilen til museet, samt organisering og drift av avdelinga. Avdelingsleiaren har ansvar for overordna gjennomføring av utstillingsproduksjon, programmering av publikumsaktivitetar, samt drift av resepsjon, butikk og kafé på Arkeologisk museum og Jernaldergarden. Vi søkjer deg som har ei heilskapleg tilnærming til formidling og er oppteken av samanhengen mellom dei ulike ansvarsområda til avdelinga og publikumsopplevinga. Avdelingsleiaren deltek i museet si leiargruppe og skal bidra til å utvikle og setje i verk museet og universitetet sine faglege og administrative strategiar. Om avdelinga Arkeologisk museum driv nyskapande, forskingsbasert formidling med høg kvalitet. Avdelinga planlegg, tilrettelegg og utfører kunnskapsbasert formidling og forsking på forhistorisk tid og mellomalder. Avdelinga har ansvar for publikums- og utleigeverksemd på to lokasjonar: Arkeologisk museum på Våland i Stavanger sentrum og Jernaldergarden på Ullandhaug. Gjestesegmentet er ein kombinasjon av lokale skuleklassar, lokalbefolkning og internasjonale gjester. Arkeologisk museum står framfor store og interessante utfordringar i åra framover, og skal bidra til å realisere visjonen om å vere Universitetet i Stavanger sin arena i sentrum. Sentrale oppgåver i avdelinga er bygging av nye utstillingar, utvikling av kulturscene og dialogarena, utvikling av publikumstilbodet og gjesteopplevinga. Vi søkjer ein person som vil vere med på å: • styrkje museet sin posisjon som eit leiande museum med nyskapande, tverrfagleg formidlings- og publikumsverksemd • formidle relevant og aktuell kunnskap om vår kultur- og naturhistorie i dialog med samfunnet • realisere planen om utviding av museet, inkludert nyskapande formidling av kulturhistoriske samlingar • delta aktivt i nasjonale og internasjonale formidlingsnettverk og samarbeidsforum Hovudarbeidsoppgåver • ivareta ansvar for formidlings- og publikumsverksemd, og leggje til rette for forsking og utvikling i avdelinga • ivareta det faglege, administrative og økonomiske resultatansvaret for avdelinga si verksemd • sørgje for at ressursane i avdelinga vert brukte effektivt og føremålstenleg • arbeide aktivt med gjennomføring av museet sin strategi og initiere nødvendige endringar • implementere vedtak frå museumsstyret og -direktøren • ivareta personalansvar for tilsette i avdelinga og arbeide aktivt med personalleiing, medarbeidarutvikling, fagleg utvikling og utvikling av eit godt og effektivt fagleg og sosialt arbeidsmiljø • sørgje for god kommunikasjon og informasjon eksternt, internt i avdelinga og ovanfor universitetet sine øvrige einingar • byggje nettverk og alliansar (lokalt, nasjonalt og internasjonalt) • delta i leiargruppa og balansere avdelinga sine behov opp mot museet sine behov Kvalifikasjonar Den som vert tilsett må ha: • relevant utdanning på minimum masternivå, fortrinnsvis innan museumsrelevante fag. Relevant leiarerfaring, kombinert med erfaring frå museal formidling, kan kompensere for kravet til høgare utdanning. • relevant leiarerfaring, fortrinnsvis frå museum- eller opplevingssektoren, med vekt på erfaring frå planlegging, gjennomføring og drift av formidlings- og publikumsverksemd • gode leiareigenskapar, inkludert evne til tydeleg kommunikasjon, relasjonsbygging og samarbeid • dokumenterbar erfaring med administrasjon, inkludert budsjettansvar • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk Det vil óg bli lagt vekt på: • erfaring med prosjektorientert, tverrfagleg forskings- og formidlingssamarbeid • evne til å vidareutvikle ein god organisasjonskultur, ved å ivareta medarbeidarane sin kompetanse og skape stabile team • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • å vere serviceinnstilt, fleksibel og imøtekomande • evne til å arbeide sjølvstendig, effektivt og strukturert • å vere framoverlent og resultatorientert • evne til å ta ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar Vi tilbyr • interessante og utviklande leiaroppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø • dyktige og engasjerte medarbeidarar i aktive fagmiljø • ei god moglegheit til å vere med og forme framtida gjennom utvikling av forsking og formidling • lønn etter Statens lønnsregulativ, l.pl. 17.500, kode 1003, kr 850.000 - 950.000 bto. pr. år. I særskilde tilfelle kan høgare lønnsutbetaling vurderast. Lovfesta pensjonsinnskot vert trekt frå. • gode vilkår i Statens pensjonskasse • meir om tilsettegode og fordelar på uis.no Mangfald UiS skal vere eit trygt arbeids- og læringsmiljø for alle, med nulltoleranse for diskriminering. Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når vi har ulike bakgrunnar og erfaring, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar. Vi er opptekne av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og vi legg til rette for tilsette med funksjonsnedsetjing. Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar. Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsnedsetjing, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid. Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, avbrot i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar vi minst ein søkjar frå kvar av desse gruppene inn til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår. Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. Søknaden Søk stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her registrerer du minimum søknadsbrev, relevant utdanning, arbeidserfaring og språkferdigheiter. I søknadsbrevet må du få fram kompetansen din og motivasjon for stillinga. Relevante vitnemål, attester og eventuell annan dokumentasjon som du ønskjer skal tas omsyn til, lastar du opp som vedlegg til søknaden. Dokumentasjonen må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga til saman overskrid 100 MB må dei komprimerast før opplasting. Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som ligg føre i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg difor for at søknaden din tydeleg viser korleis ferdigheitene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som er skildra ovanfor. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarlista, jf. offentleglova § 25. UiS vurderer berre søknader og vedlegg registrerte i Jobbnorge.
Vil du vere med og skape gode oppvekstvilkår for barn og unge i Kvinnherad? Kvinnherad kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar til Familiestøtte – ei sentral teneste for førebygging, tidleg innsats og støtte til barn, unge og familiar. Dette er ei spennande leiarstilling for deg som brenn for å utvikle tenester i tett samarbeid med dyktige fagpersonar, samarbeidspartnarar og lokalsamfunnet. Du får ansvar for eit viktig fagområde med stor betydning for barn og unge si helse, meistring og livskvalitet. Om arbeidsplassen Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst i Kvinnherad kommune. Eininga samlar dei fleste hjelpetenestene for barn, unge og familiar i kommunen, og består av seks avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, familiestøtte, avlastning- og butiltak for barn og unge og tverrsektorielt psykologteam. Eininga held til i Husnes tenestesenter. Som avdelingsleiar for Familiestøtte får du ansvar for fagleg, administrativ og strategisk leiing av avdelinga, og rapporterer direkte til einingsleiar. Du blir ein del av eit tverrfagleg og utviklingsorientert fagmiljø med eit felles mål om å styrkje oppvekstvilkåra for barn og unge i Kvinnherad kommune. Om stillinga Frå 1. oktober 2026 har Eining Barn og familie ledig ei 100 % fast stilling som avdelingsleiar for avdeling Familiestøtte. Familiestøtte består av: Familieteamet tilbyr familierettleiing, samtalar og gruppetilbod til barn, unge og familiar. Ungdomsteamet omfattar ungdomslosar, utekontaktar og ungdomsleiarar med ansvar for kommunen sine ungdomsbasar og lågterskeltilbod til ungdom. Tiltakskonsulent har ansvar for rekruttering og oppfølging av oppdragstakarar i eining barn og familie. Avdelingsleiar har også funksjon som kommunen sin SLT-koordinator og skal leie og vidareutvikle det lokale SLT-arbeidet (Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak). Dette er eit systematisk samarbeid mellom kommune, politi og andre offentlege og private aktørar for å styrkje det førebyggjande arbeidet blant barn og unge. Avdelinga har særleg fokus på tverrfagleg samarbeid, førebygging og utvikling av lågterskeltilbod. Medarbeidarane er den viktigaste ressursen i tenesta, og det er sentralt å sikre høg fagleg kvalitet, god rettleiing og eit inkluderande arbeidsmiljø. Eining barn og familie er oppteken av å nytte ressursane slik at dei kjem tenestemottakarane best til nytte. Det kan difor bli endring i arbeidsoppgåver og samansetning i avdelinga. Stillinga inneber noko arbeid på ettermiddag, kveld og i enkelte tilfelle helg, for å sikre god fagleg støtte og oppfølging av medarbeidarane. Arbeid med søknader om prosjekt- og utviklingsmidlar er òg ein viktig del av stillinga. Arbeidsoppgåver Som avdelingsleiar vil du ha ansvar for: • Personal-, økonomi- og fagansvar for avdelinga • Planlegging, koordinering og dagleg drift • Internkontroll, kvalitetsarbeid og fagutvikling • Kvalitetssikring av rapportering og dokumentasjon • Rettleiing og oppfølging av medarbeidarar • Saksbehandling etter helse- og omsorgstenestelova • Leiing og koordinering av kommunen sitt SLT-arbeid • Utvikling og styrking av tverrfagleg samarbeid Kvalifikasjonar Vi søkjer ein leiar med relevant høgare utdanning innan helse-, sosial- eller pedagogiske fag. Søkjarar med annan relevant utdanning vil også kunne bli vurderte. Det er ønskjeleg med: • Relevant vidareutdanning, gjerne innan leiing, administrasjon eller rettleiing • Erfaring frå leiing og personaloppfølging • Kjennskap til offentleg forvaltning • Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Vi legg stor vekt på personleg eignaheit. Vi søkjer deg som: • Har evne til å leie, motivere og utvikle medarbeidarar • Er engasjert i førebyggjande arbeid for barn og unge • Har god organisasjonsforståing • Er utviklingsorientert, strukturert og målretta • Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø • Skaper tillit og gode relasjonar • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert • Har fokus på tverrfagleg samarbeid • Har god digital kompetanse • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Vi tilbyr • Ei spennande leiarstilling i ei teneste i utvikling • Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver • Moglegheit til å påverke utvikling og framtidig retning for tenestene • Fagleg og personleg utvikling • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar og lovverk • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP • Dekning av flytteutgifter etter gjeldande reglar • Moglegheit for sletting av inntil 25 000 kroner av studielån etter eitt år for busette arbeidstakarar i Kvinnherad • Ingen eigedomsskatt på bustad, fritidsbustad eller næringseigedom per i dag • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage Politiattest Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding. Kravet er heimla i barnevernslova § 12-11, opplæringslova § 17-11, barnehagelova § 30, helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Link til søknadsskjema: Søk her
Det er ledig stilling som HR-leiar/Avdelingsleiar HR og organisasjonsutvikling ved Møre bispedømekontor. Vi søkjer etter ein HR-leiar som har framtidsperspektiv og gjennomføringsevne. Møre bispedømekontor er felles administrasjon for biskop og bispedømeråd. Kontoret og er i Molde og er i ferd med å flytte til Moldetrappa 2 i Romsdalskvartalet. Bispedømekontoret har omlag 9 årsverk og er organisert i to avdelingar med kvar sin leiar - "Kyrkjefag og samfunn" og "HR og organisasjonsutvikling". HR-leiar vil ha ei strategisk rolle med ansvar for å leie og utvikle HR- og arbeidsgjevaransvaret på vegner av biskop og bispedømeråd i nært samarbeid med stiftsdirektør og prostane i bispedømmet. HR-leiar vil ha ansvar for å koordinere HR-arbeidet i bispedømet, samarbeide med Kyrkjerådet si HR avdeling og dei nasjonale teama innan løn og økonomi. HR-avdelinga består for tida av ein leiar og to HR-rådgjevarar. HR-leiar er del av leiargruppa på bispedømekontoret. Møre bispedømeråd har arbeidsgjevaransvar for omlag 75 prester fordelt på 5 prosti og dei tilsette på bispedømekontoret. Samarbeidet med 26 kyrkjeverjer i dei kyrkjelege fellesråda er svært viktig. Møre bispedøme står framfor store oppgåver, både administrativt og organisatorisk, gjennom utvikling og arbeid innan bispedømet sin arbeidsgjevarpolitikk, personapolitikk og ressursforvaltning. Arbeidet med kyrkjeleg organisering på nasjonalt og regionalt nivå vil verke inn på fagområdet. Fleire opplysningar kan du finne på www.kyrkja.no/more eller ved kontakt med stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug, Arbeidsoppgåver - Strategisk og operasjonelt ansvar for HR feltet og organisasjonsutvikling i Møre bispedøme. - Rådgjeving og støtte i HR-relaterte spørsmål til kyrkjelege leiarar i Møre bispedøme. - Planlegging og gjennomføring av partsarbeid etter Hovudavtalen og kontaktmøter med tillitsvalde - Planlegging og gjennomføring av vernearbeid etter Arbeidsmiljølova, herunder Regionalt Arbeidsmiljøutval, Helse, Miljø og Tryggleik, samt arbeid med likestilling, inkludering og mangfald i bispedømet. - Sørge for at interne og lovpålagde rutiner samt andre lover og avtaleverk innan HR-feltet vert etterlevd. - Utvikle strategi, planar og rapportering innan arbeidsområdet. - Rekruttering til kyrkjeleg teneste - Oppfølging gjennom livsløpet for arbeidsforholdet, herunder kompetanseutvikling og arbeidsvegleiing. - Innføring og opplæring i HR-politikk, retningslinjer og bruk av HRM-system. - Handtering av personal- og konfliktsaker. - Oppfølging av varsling og avvik. - Gjennomføring, oppfølging og rapportering av medarbeiderundersøkingar. Kvalifikasjonar - God kjennskap til Den norske kyrkja sin organisasjon og forankring i kyrkjeleg verksemd. - Høgare utdanning med relevans for stillinga. - Leiarerfaring og erfaring frå HR-relatert arbeid. - Kjennskap til HRM-system og offentlege sakshandsamings- og arkivsystem. - Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. - Møre bispedøme har nynorsk målform i administrasjonen, og du må opplyse om du kan nytte begge målføre. - Må disponere eigen bil då det er aktuelt med noko reise i tenesta. Personlege eigenskapar - Forstå tilhøve mellom kyrkje, kultur og samfunn. - Trygg i møte med komplekse saksforhold. - God relasjonsbyggar på tvers av nivå og einingar - Gjennomføringsvevne i endrings- og utviklingsarbeid - Inspirere, motivere og vere ein samlande kulturbyggar. - Personlege eigenskapar vil bli vektlagde Vi tilbyr - Ei nøkkelrolle i utviklinga av Den norske kyrkja i Møre - Mogleigheit til å påverke organisasjon, kultur, og arbeidsgjevarpolitikk - Godt arbeidsmiljø i eit fagleg sterkt kollegium - Stillinga vert løna etter hovudtariffavtalen i KA, stillingskode 1407 Avdelingsleiar. - Innskot i KLP. Godtgjerdsler og tilskot etter dei vilkår som til kvart tid er fastsette. - Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv, og andre avgjerder som kan ha verknad på oppgåver i tenesta. Anna: Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette Vi forventar oppmøte og tilstedeværelse med utgangspunkt i Møre bispedømmekontor. Den norske kyrkja skal være ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Det vil bli utarbeida offentlig søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. Kirkeordning for Den norske kirke § 42. Anmodning om å få namnet sitt unnateke frå denne må grunngjevast i søknaden. Behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b. KontaktinformasjonBjørn Olaf Storhaug, Stiftsdirektør, +47 92810040 ArbeidsstedMoldetrappa 1 6415 Molde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Den norske kirke Referansenr.: 5131324099 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 12.08.2026