Hoppa till huvudinnehållet
Teknisk Haugesund sjukehus logo

Drift- og vedlikehaldsingeniør VVS/KEM

Teknisk Haugesund sjukehus
  • OrtHaugesund
  • Omfattning–
  • Sista ansökan20 dagar kvar
  • Publicerad3 nov.

Om tjänsten

Vil du jobbe med avanserte tekniske anlegg og bidra til trygg og stabil drift ved Haugesund sjukehus?

Her får du jobbe med tekniske system som er viktige for den daglege drifta av sjukehuset, mellom anna ventilasjon, varme, sanitær, kjøling, medisinske gassar og trykkluft.

Drift- og vedlikehaldseininga har ansvar for om lag 120 000 m² bygningsareal, med tekniske anlegg og utstyr fordelt på 25 bygningar på Haugalandet.

Hos oss får du varierte oppgåver innan drift, vedlikehald og vidareutvikling av tekniske anlegg. Vi oppfordrar også nyutdanna til å søke.

Kva går jobben ut på?

  • Drift, kontroll og vedlikehald av VVS-tekniske anlegg og system ved sjukehus og DPS.
  • Kartlegge tilstanden til tekniske anlegg og system.
  • Bidra til å utarbeide og oppdatere drifts- og vedlikehaldsplanar.
  • Sikre at drift og vedlikehald er i tråd med gjeldande lover, forskrifter, standardar og interne krav.
  • Følge opp krav frå styresmaktene, tilsyn og dokumentasjon.
  • Gi opplæring til driftspersonell ved overtaking av nye anlegg og tekniske løysingar.
  • Følge opp energibruk og bidra til energieffektivisering (ENØK).
  • Vidareutvikle rutinar og prosedyrar.
  • Delta i tverrfaglege vedlikehaldsteam.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Bachelorgrad i ingeniørfag innan VVS/KEM, eller relevant fagskuleutdanning kombinert med fag- eller meisterbrev.
  • Det er ein fordel om du har erfaring med drift av komplekse VVS-system, men vi oppfordrar også nyutdanna til å søke.
  • Gode digitale ferdigheiter.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • arbeider sjølvstendig og har god oversikt over oppgåvene dine
  • samarbeider godt med andre faggrupper
  • er engasjert i faget og ønsker å utvikle kompetansen din
  • finn gode og praktiske løysingar på tekniske utfordringar
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Personleg eignaheit og gode haldningar blir vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sokol Kastrati, Funksjonsleiar, +47 41863512, sokkas@ihelse.net

Harald Lunde, Avdelingsleiar, +4741336655, harlun@ihelse.net

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5191181079

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 24.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 24 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Teknisk Haugesund sjukehus

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Haugesund och dölj konkurrerande annonser på sidan.