Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtHaugesund
  • Omfattning–
  • Sista ansökan12 dagar kvar
  • Publicerad23 okt.

Om tjänsten

Seksjon Lokalstøtte sør har ansvar for drift, forvalting og brukarstøtte for sluttbrukarutstyr i Helse Fonna og Helse Stavanger. Dette omfattar utstyr som vert nytta i det daglege, mellom anna PC-ar, skjermar, tastatur, mus, skrivarar, skannarar, strekkodelesarar og mykje anna.

Saman med Seksjon Lokalstøtte nord utgjer seksjonen den samla lokalstøttefunksjonen i Helse Vest IKT. Totalt er 32 teknikarar fordelte mellom Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde. Målet vårt er å sikre at tilsette i sjukehusa på Vestlandet har velfungerande, stabile og trygge IKT-verktøy i arbeidskvardagen.

Vi søkjer no etter ein teknikar til Seksjon Lokalstøtte sør med arbeidsstad i Haugesund.

Arbeidsoppgåver

  • Drift, vedlikehald og leveranse av IKT-sluttbrukarutstyr som PC-ar, skrivarar, skjermar, nettbrett, betalingsterminalar, sjølvbeteningsautomatar m.m. Ansvarsområdet vil etter kvart også omfatte mobiltelefonar.
  • Følgje opp reparasjonar og garanti mot leverandørar.
  • På staden kundeoppfølging.
  • Varelogistikk.
  • Deltaking i prosjekt ved behov

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med kundebehandling
  • Kunnskap og erfaring med feilsøking på Windows-operativsystem
  • Erfaring frå reparasjon, feilsøking og montering av sluttbrukarutstyr
  • Erfaring frå stordriftsmiljø er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Kjennskap til ITIL-rammeverk er ein fordel
  • Fagbrev innan IT-driftsfaget, dataelektronikerfaget eller anna relevant IKT-fag er ønskjeleg. Relevant dokumentert erfaring og personleg egnethet kan kompensere for manglande fagbrev
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:

  • er sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • er serviceinnstilt og klar til å hjelpe brukarane på sjukehusa
  • har gode samarbeidsevner, jobbar godt i team, men også sjølvstendig
  • er positiv og initiativrik
  • er open og svolten på ny kunnskap og teknologi

Vi tilbyr

  • Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Skeide Larsen, Seksjonsleiar, +47 95731636

Arbeidsstad

Øvregata 126

5527 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 5198563811

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.12.2026

Sluttdato: 01.12.2028

Søknadsfrist: 05.11.2026

Krav- & nyckelordscheck

Identifierade kompetenser & krav i annonsen:

Har du någon av dessa kompetenser? Klicka på ett ord för att lägga till det i din profil:

Ladda upp ditt CV som PDF eller bocka för dina kompetenser ovan.