Psykolog/Psykologspesialist, alderspsykiatri/nevropsykologi
Eldremedisinsk poliklinikk alderspsykiatri, Haugesund sjukehusOm tjänsten
Ønskjer du å arbeide med nokre av dei mest spennande differensialdiagnostiske problemstillingane innan psykisk helsevern?
Vi har ledig eit vikariat som psykolog/psykologspesialist i vårt alderspsykiatriske fagmiljø ved Haugesund sjukehus, med moglegheit for fast tilsetjing. Stillinga er knytt til alderspsykiatrisk poliklinikk, med tett samarbeid med både alderspsykiatrisk døgneining og nevropsykologisk poliklinikk
Hos oss møter du pasientar der symptom og funksjonsendringar ofte ligg i skjeringspunktet mellom kognitiv svikt, psykisk liding, somatisk sjukdom og normal aldring. Mange av pasientane blir tilviste fordi utgreiinga er kompleks og diagnostikken framleis uavklart etter vurderingar i kommunehelsetenesta eller andre delar av spesialisthelsetenesta
Dette er ei stilling for deg som trivst med klinisk problemløysing, diagnostisk arbeid, kognitiv utgreiing og tverrfagleg samarbeid.
Kva går jobben ut på?
Du vil arbeide med utgreiing av eldre pasientar med kognitiv svikt, åtferdsendringar og psykiatriske symptom.
Arbeidet omfatter mellom anna:
Utgreiingane er ofte målretta og klinisk orienterte, tilpassa ei pasientgruppe med samansette utfordringar, omfattande somatisk sjukdom og redusert funksjonsnivå.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som psykolog
Spesialistgodkjenning er ein fordel, men ikkje eit krav.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi trur du vil trivast hos oss dersom du
Kvifor skal du velje oss?
Få arbeidsplassar tilbyr den same kombinasjonen av alderspsykiatri og nevropsykologi som denne stillinga.
Hos oss får du
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonArvid Rongve, overlege, 90548749, arvid.rongve@helse-fonna.no
Doreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.no
ArbeidsstadKarmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5192503985
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 30.10.2026