Hoppa till huvudinnehållet
Kirurgisk post Haugesund Sjukehus logo

Vil du bli vår nye sjukepleiar?

Kirurgisk post Haugesund Sjukehus
  • OrtHaugesund
  • Omfattning–
  • Sista ansökan14 dagar kvar
  • Publicerad2 nov.

Om tjänsten

Vi har no ledig eit vikariat som sjukepleiar i 100 % tredelt turnus ved Kirurgisk post.

Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag med pasientar innan fleire fagområde, mellom anna kar- og thoraxkirurgi, brystkirurgi, thyroideakirurgi, føflekkreft, brannskadar og generell kirurgi. Vi har òg ansvar for gynekologiske pasientar i helgar, høgtider og ferieperiodar.

Sengeposten har 8 senger, eit godt tverrfagleg samarbeid og tett tilknyting til poliklinikkane.

Dette er stillinga for deg som ønskjer fagleg breidde, varierte arbeidsoppgåver og moglegheita til å følgje pasientane gjennom ulike delar av behandlingsforløpet.

👉 Høyrest dette spennande ut? Då er du hjarteleg velkomen til å søkje stilling hos oss! 💙

Kva går jobben ut på?

  • Sjukepleiefaglege oppgåver og prosedyrer.
  • Tett samarbeid med legar, sjukepleiarar og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp.
  • Ansvar for eigne pasientar gjennom vakta. Vi nyttar stille rapport og delt gruppe, noko som gir kontinuitet og fagleg ansvar i pasientoppfølginga

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisert sjukepleiar.
  • Kjennskap til elektroniske pasientjournalsystem som Dips og Meona.
  • Det er ønskeleg med sårstell erfaring, men ikkje eit krav.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er ryddig og strukturert
  • trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • er sjølvstendig og har evne til å prioritere oppgåver
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • likar nye utfordringar

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Kvifor skal du velje oss?

Jo, fordi vi har:

Variert arbeidskvardag–ingen dagar er like, og du får brei erfaring.
Trygt arbeidsmiljø– vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag.
God opplæring–ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren.
Fagleg utvikling– læring og kompetanseheving er ein del av jobben.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anne Ringe, Avdelingsleiar

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5204065444

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.01.2027

Søknadsfrist: 17.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 17 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Kirurgisk post Haugesund Sjukehus

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Haugesund och dölj konkurrerande annonser på sidan.