Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtKvam
  • Omfattning–
  • Sista ansökan15 dagar kvar
  • Publicerad6 nov.

Om tjänsten

Er du vår nye gruppeleiar?

Me ser etter deg som er framtidsretta og løysingsorientert og som ynskjer å kombinera personalansvar og dagleg leiing med klinisk arbeid som sjukepleiar

  • Stillinga er ledig frå 1.desember 2026, oppstart etter avtale
  • Ved Strandebarm omsorg har me to gruppeleiarar som saman har ansvaret for ei personalgruppe på kring 20 årsverk.
  • Me tilbyr helse -og omsorgstenester til brukarar i institusjon, omsorgsbustad og i heimetenesta.

Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen. Fagmiljøet ved Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege.

Arbeidsoppgåver

  • Drift- og utviklingsoppgåver knytt til fag, personal og økonomi
  • Driva og delta aktivt i kontinuerlig forbetring -og endringsarbeid i tenesta
  • Bemanning og arbeidstidsplanlegging i samarbeid med ressurskoordinator og tillitsvalde
  • Personalansvar og fagleg rettleiing til personalgruppa
  • Systematisk arbeid med pasienttryggleik og bidra til målsetjinga om å skapa gode tenester for framtida
  • Vera ein del av sjukepleiarteamet i gruppa og ta del i dei daglege sjukepleiarfaglege oppgåvene

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Leiarutdanning/leiarerfaring frå helsesektoren er ei føremon. Dersom du ikkje har formell leiarutdanning må du vera villig til å gjennomføra dette.
  • Førarkort klasse B
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg.

Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • Stillinga høver for deg som trives med ein variert arbeidskvardag der du får løysa ulike utfordringar
  • Har særs gode kommunikasjon og samarbeidsevner
  • Du har fokus på systematisk arbeid med kontinuerlig utvikling av tenesta
  • Du er ein god rollemodell og skaper engasjement og entusiasme i personalgruppa
  • Har fokus på og ser behovet for samarbeid og sjå heilheit i hele pleie -og omsorgstenesta.
  • Du er ein trygg, tydeleg og inkluderande leiar

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der me jobber godt saman for å utvikla kvarandre og tenesta
  • Høve til personleg og fagleg utvikling
  • Bli ein del av eit godt etablert leiarteam og eit raust arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons -og forsikringsordningar

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Siw Waage Solvåg, Leiar for heildøgns omsorg, 992 74 317, siwsol@kvam.kommune.no

Elisabeth Svåsand, Gruppeleiar i Strandebarm, +47 918 17 408

Arbeidsstad

Tangeråsneset

5630 Strandebarm

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5204158808

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 22 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Strandebarm omsorg

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Kvam och dölj konkurrerande annonser på sidan.